3 poeng igjen!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

Volda – Fortuna Ålesund

1.serierunde

Dagen var endeleg her, dagen alle fotballspelarar og trenarar lengtar etter, seriestart !

Vår seriestart var Volda på bortebane, ei oppgåve vi viste ville bli tøff, men jentene leverte varene !

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri , Helena Vattøy , Oda Tennfjord , Ingrid Alnes
Mette Muri(K) , Stine Reite
Camilla Smith-Nilsen , Vivian Saadi , Kari Skovly
Malin Sunde

Innbyttarar :
– 72 min. Kari ut og Birgitte Bjørlykhaug inn.
– 72min. Vivian ut og Anna Fjørtoft inn.
– 72 min. Camilla ut og Ingrid Vatne inn.

Slik kom måla:
1-0 36min. I ein situasjon midt på bana har vi full kontroll, men ein liten misforståelse
gjere at Volda si Camilla Aure er åleine med keeper og skårar.
1-1 50min. Vi spelar etablert mot Volda, vender spelet mot høgre, der Camilla kjem seg fri og
innlegget i boks tek Malin ned og set i mål frå 9-10 meter nede i nærmaste hjørne.
1-2 57min. Nesten reprise på 1-1 skåringa, men denne gangen set Malin haudet på innlegget frå Camilla
og heddar oss i leiing frå 5-6 meter på bakre stolpe.
1-3 63min. Etter litt fram og tilbake landar ballen i beina på Vivian på ca. 30 meter, ho ser at keeper står
langt ute og set ballein i ein perfekt bue over keeper og i mål.
2-3 84min. På ei Volda kontring ser det ut som vi får kontroll, men plutseleg går ballen via ein Fortunaspelar
og då er Volda si Kristine Bjørneset åleine med keeper og skårar.

Kampen :
Det er alltid deilig at seriestarten er her, likevel er den også heilt for j…….
Nervane låg der i dag over spelargruppa, og eg sjølv trur ikkje eg har vore so nervøs før ein fotballkamp på mange år…..
Vi startar kampen godt det første kvarteret, og Malin får to gigantiske mulighetar til å sende oss i leiing.
Den første med beina, den andre med haudet, men begge stryk på feil side av stolpen.
Midtvegs i omgangen kjem Volda meir med i kampen, og får sin einaste store sjanse i kampen utanom måla i den perioden.
På ei kontring kjem dei i gjennom, rundar keeper, men Helena kjem inn i siste liten og frå blokkert skuddet.
Etter kvart får vi meir og meir grep på kampen igjen og styrar dei siste 15 minuttane inn mot pausa.
Vi spelar oss fram til nye store sjansar, dei aller største får vi først etter eit frispark frå Malin, der vi står i kø
for å setje ballen i mål. Kort tid etter er det Kari som blir spelt strålande igjennom, men åleine med Volda sin keeper,
så vinn keeperen duellen og slår til corner.
8-9 minutt før pause, so kjem situasjonen der vi «gjev» Volda muligheten til å gå i leiing og den utnyttar dei.
Dette er sjølvsagt eit lite «slag i trynet», og vi går til pause under 1-0.

Pausa brukar vi godt i dag, vi er einige om at vi ikkje har fått som fortjent og med små justeringar
so skal vi snu dette !

 

 

I andreomgangen går vi ut i 110 !
Vi beleirar Volda sin banehalvdel og dei første 20-25 minuttane av omgangen er heimelaget knapt over midtbana.

Kun 5 minutt er spelt av omgangen, då vi får løn for vårt enorme press.
Camilla serverar Malin og utlikninga er eit faktum. Kun få minutt seinare er det klart for «reprise»
og på eit nytt innlegg frå Camilla heddar Malin oss i 2-1 leiing til enorm lettelse og juble.
To minutt seinare kan Malin få muligheten til å skåre ekte hattrick frå straffemerket.
Kari blir spelt strålande igjennom av Stine R og blir regelrett klippa ned på veg åleine mot keeper.
Samtlege på Volda stadion ventar på at dommaren skal blåse straffe, men ufatteleg nok har ikkje
en ellers god dommar sett det alle vi andre har sett.
Heldigvis får det ikkje nokre konsekvensar, då Vivian ser ei opning og brukar sin følsomme fot til å
prikke inn ei flott skåring frå knappe 30 meter etter nesten 20 minutt av omgangen.
Etter dette tek vi kansje «gassen litt av pedalen», men har full kontroll på kampen og bør punktere den.
I det kampen er inne i sine siste 7-8 minutt, så kjem Volda på ei kontring og får etter vår smak eit nytt
litt billig baklengsmål. Litt hektisk blir det sjølvsagt etter dette, men vi styrar inn til ein viktig siger.
Volda har so mykje kvalitet i laget, at eg er sikker på at dei vil kunne slå godt i frå seg i år !

Eg synst mange var bra i dag, men eg let keeper Marthe sin beskjed til Stine Reite i garderoba
etter kampslutt vere fasiten, «du var j……god i dag, Stine !» 😊

Fortuna avslutta sesongen i fjor med 8 kampar på rad utan siger, då er det ufatteleg godt for klubben,
spelarane, trenarane og alle som føl oss å kunne bokføre 3 poeng på kontoen etter første serierunde !

Tenk på denne :
Forrige helg vann vi 6-1 mot Kaupanger. Store målsjansar = 9-6 til oss.
I dag vinn vi 3-2 mot Volda. Store målsjansar = 10-3 til oss.
Det er viktig å even å sjå bak resultatet av og til……

* Cecilie Otterlei(skade) og Ida Kroken(sjuk) var begge uaktuelle til kampen i dag.
Begge er i full trening neste veke og klar til å bidra i neste kamp.
Katharina Sunde er ute med sin korsbåndskade, men trenar særs god og er i god rute til å
vere speleklar frå i sommar.

* Marthe, Ingrid V og Birgitte Bjørlykhaug spelte alle i dag sin 1. seriekamp for klubben !

* Neste laurdag spelar vi årets første heimekamp. Den går i Langevågen kl.14.00.
Aksla stadion er ikkje klar til bruk før 1.mai.

Sportsleg helsing ein fornøgd trenar 😊

 

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!