Vi er glade og særs førnøgde med å kunne presentere vår nye spelar Agata Drozdzik frå Polen.

Agata er 26 år og har spelt 190 kampar i Polsk toppdivisjon. Ho har også spelt på alle aldersbestemte landslag for Polen.
Agata kom til Norge i fjor sommar til Fosnavågen der ho framleis bur. Ho spelte høstsesongen for Bergsøy, før ho gjekk over til Hødd i vinter. I vårsesongen har Agata spelt fast for Hødd i 2.divisjon.

Etter å ha trent med oss i sommar, så er vi no overbeviste om at Agata vil bli ein spelar som kan tilføre oss noko ekstra.
Ho er godt trent(best resultat på vår løpstest i sommar) og har ein stor motor. I tillegg er ho tøff i duellspelet, meget god med ballen, flink til å sette opp lagvenniner og ikkje minst har ho ein meget farlig skudd og dødballfot.

Vi takkar Hødd Fotball for ein god og konstruktiv dialog i samband med overgangen.

Agata er speleklar og vil kunne få sin debut i storkampen mot Vålerenga på Aksla 7.august.

Velkommen til Fortuna, Agata 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund