KIL/Hemne – Fortuna Ålesund

FAKTA:

Treningskamp

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Marthe Bjørhovde

Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Ingrid Alnes.

Anna Fjørtoft, Mette Muri.

Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Kari Skovly

 

Innbyttarar :

-46 min. Marthe, Ingrid V og Anna ut.
Lisa Raknes, Stine Reite og Sara Fornes inn.

– 60min. Vivian og Stine M ut.
Birgitte Bjørlykhaug  og Kristine Guldbrandsen inn.

 

Mål :

1-0 29min. K/H.
1-1 31min. Kari Skovly(Anna Fjørtoft).
2-1 35min. K/H.
2-2 47min. Sara Fornes.
3-2 52min. K/H.
3-3 61min. Mette Muri(Stine Reite) straffe.
4-3 68min. K/H.

Målscorere: F.v.: Kari Skovly, Sara Fornes, Mette Muri.

Kampen :
K/H rykka i fjor opp til 1.divisjon, medan Fortuna rykka ned frå 1.divisjon.

Alt låg til rette for ein jamn og spennande kamp, og ikkje minst ein ny fin test på kor vi ligg
i løypa no ca. 4 veker før seriestarten.
Til no har vi vore strålande defensivt i oppkøyringa etter å ha fokusert
mykje på den delen av spelet tidlegare i vinter.
Den siste tida har vi flytta fokus meir over på det offensive spelet vårt, nokon som i dag
såg ut som har ført til at vi har «gløymt» litt korleis vi skal forsvare oss.

I førsteomgangen er vi best både i spel og sjansar, og bør kunne leie.
Dessverre gjev vi vekk 2 særs lette baklengsmål mot eit effektivt heimelag.
I andreomgangen so bølgar spelt meir fram og tilbake og heimelaget er godt med på notane !
Oppsummert ein jamn fotballkamp, der eg synst vi er totalt sett eit lite hakk betre enn K/H, men det
er dei som skårar flest mål og vinn fotballkampen.

Mykje positivt i dag igjen, særs gledeleg med 3 skåringa rette vegen og fleire gode kollektive angrep.
På minussida så likar vi ikkje å sleppe inn 4 mål og vi likar i alle fall ikkje å tape.
Uansett betyr det lite, då det er øvinga og lærdommen vi skal ta med oss vidare som er det
viktigaste i treningskampane.
Heimelaget var eit positivt bekjendtskap, som eg absolutt trur vil kunne kjempe om mange poeng
i årets 1.divisjon.

* Vi har i helga med oss to hosiptantar i Sara Fornes(Gossen IL) og Kristine Guldbrandsen(Skodje IL).
Begge jentene gjorde sine saker veldig bra og Sara brukte kun 1 minutt og 50 sekund på bana,
før ho hadde satt ballen i mål ! 🙂

 

Laurdag skal vi trene, før vi søndag møter Trondheims Ørn 2 til kamp kl.12.00.

 

Sportsleg helsing
Magne Elde

Kategorier: Nyheter