I ettermiddag var det klart at Amalie Eidem Sandvik(17) kjem over til oss frå SK Herd.
Amalie er Spjelkavikjente, men har dei 3 siste åra spelt for Herd.
Ho er i utgangspunktet ein sentral midtbanespelar med stor motor, duellsterk og har gode ferdighetar med ball.
Ikkje minst har Amalie gode haldningar og jobbar kvar dag for å utvikle seg vidare som fotballspelar.
Slike spelarar ynskjer vi i Fortuna !
Som fast og sentral spelar i Herd det siste gode året, så veit Amalie allereie godt kva som krevst for å prege 2.divisjon.
Amalie har hospitert med oss gjennom heile vinteren og var med oss på Treningsleiren i Tyrkia.

Amalie seier dette om overgangen :
E vil takke Herd for fine og lærerike år i klubben.
No gleda e me til å til å ta et steg videre med Fortuna og utvikle me enda mer som fotballspiller.

Vi takkar Herd for ein god og positiv dialog ved overgangen.
Amalie er speleklar og går inn i troppen til lørdagens storkamp mot Molde.
Velkommen til Fortuna, Amalie 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund