I skrivande stund er FK Fortuna Ålesund inne i sluttfasen på ein ekstra lang fotballsesong. Vi jaktar framleis opprykk til 1.divisjon og vi skal spele cupfinale for J19 i midten av november.

Denne veka startar vi å trene inne i Sparebanken Møre Arena. I perioden vi no går inn i no fram mot jul, november og desember, vil vi opne opp for å ha med oss hospitantar og andre som ynskjer å prøve seg saman med fylkets beste fotballdamer.

Er du ei ekstra motivert og dedikert fotballjente/dame som er født i 2002 eller tidligere og ynskjer å vise deg fram for oss og/eller prøve deg saman med fylkets beste fotballdamer ?
Kanskje er du ein trenar som har ein spelar i klubben din som du meinar bør kunne få prøve seg på noko slikt ?

Ta kontakt med vår hovudtrenar Magne Elde for å melde di interesse eller om du har spørsmål.
Kontakt Magne på mail : magneelde78@hotmail.com eller tlf. 918 33 611.

Hospitering eller prøvespel må du sjølvsagt event. klarerast med spelaren sin eigen klubb.

Våre treningstider i SBMA :
– Mandagar kl.17.30. – Tirsdagar kl.17.30.
– Torsdagar kl.19.00. – Fredagar kl.17.00.

Vi høyrer gjerne frå deg ?

#fkfortuna #samhold #vilje #kvalitet #engasjement