Trondheims Ørn 2 – FK Fortuna Ålesund
8.serierunde Lade Arena 17.06.18.

Resultat : 2-1(0-0).
Gule kort : Katarina Sunde + 1 til TØ 2.
Dommar : Kristian K. Løkås, Kattem IL.
Tribune : Ca. 50 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K) og Ida S. Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
-57min. Camilla ut Kari Skovly inn.
-70min. Ida ut og Anna Fjørtoft inn.
-83min. Stine ut og Kristine Gulbrandsen inn.

Mål :
-1-0 53min. Frispark frå ca. 20 meter som Marthe leverar ei klasseredning på og slår i tverrleggaren. Resten av laget står og «sove», slik at ein Ørnspelar enkelt kan setje returen i mål.
-2-0 63min. Ein Ørnspelar kjem fri nesten nede med dørlinja. Ho slår ein innlegg som blir eit skudd, som set Marthe ut av spel og går rett i mål.
-2-1 72min. Nora svingar inn ein god innoverskrudd corner. Det blir klabb og babb rett utanfor streken, og til slutt er det Katarina som set ballen i mål.

Kampen :
Vi startar kampen bra dei første 4-5 minutta og får blant anna ein fin overgang, der Camilla kjem i bra posisjon litt skrått, men avslutninga blir blokkert.
Så er det Ørn som tek over styringa dei neste 20-25 minutta. Vi spring for lite, duellerar for dårleg og spelar ofte på oss brudd, noko som gjere at heimelaget får kontrollere kampen. Til tross for dette skapar ikkje Ørn meir enn 2-3 nestesjansar. Siste kvarteret inn mot pause hevar vi oss og bør i denne perioden også gå i leiinga i kampen. Vivian får ein stor sjanse åleine med Ørnkeeperen etter 39 minutt, men avslutninga blir redda. 3 minutt før pause slår Camilla eit godt innlegg, der Ørn-stopparen med begge henda over haudet slår ballen inn til eigen keeper.
Utruleg nok vel dommaren å ikkje blåse straffe…..

Laga går til pause med 0-0 etter ein omgang der vi ikkje har prestert godt nok !

I andreomgangen skårar heimelaget 2 mål på 1 målsjanse, medan vi styrar omgangen totalt og Ørn periodevis knapt kjem seg ut av eigen banehalvdel. 7 store målsjansar og 10-0(!) i cornerar seier litt om dominansen. Katarina, Ingrid, Cecilie, Mette, Vivian har alle ein eller fleire mulighetar til å både gje oss utlikning og siger i denne kampen. Gode redningar, redning på strek og for dårleg kvalitet og presisjon frå oss gjere at vi ikkje får satt ballen i mål meir enn ved eit høve. Med dette må vi til slutt erkjenne at vi har tapt 3 viktige poeng i toppkampen.

 

Kaptein Mette om kampen :
En første omgang som er jevn og tett, med mye kriging og dueller. Vi som lag er ikke helt der vi ønsker å være, upresise og litt på etterskudd.
I andre omgang skjer nesten alt på Trondheims Ørn sin banehalvdel. Vi styrer spillet og har en haug med målsjanser som bør sitte.
Det er derfor utrolig bittert og skuffende å reise fra Trondheim uten poeng !

 

Trenarkommentar :
For 4 kamp på rad er ikkje prestasjonen vi leverar FØR pause god nok !
Det må vi erkjenne og gjere noko med. Byåsen(NM), Orkanger, Herd og kampen i dag har til ei viss grad likhetsteikn der. Etter å hatt fokus på ein god inngang og start på dagens kamp for å gjere nok med dette, så klarar vi ikkje det. Det må vi finne svar på. Det vi leverar i store periodar etter pause i dag, spesielt siste halvtimen er kansje årsbeste !
Sjølv om vi sviktar ved Ørn sine skåringar, så er det periodevis ei enorm overkøyring frå vår side. Vi skapar ein haug med store målsjansar, nestensjansar og dødballar. Dessverre er ikkje kvaliteten god nok i avslutningane.
Spelarane skal ha enorm ros for den innsatsen som blir levert i andreomgangen, dessverre var ikkje totalen god nok og vi reise poenglause heim frå Trondheim.
Som tabellen viser, no er det skifte på topp og Molde seglar no opp som den store seriefavoritten. Skal vi henge med og til slutte vinne, så er det truleg berre å konstantere at vi ikkje kan tape fleire kampar i 2018, so trangt er nålauget truleg også i år.

Vi avsluttar vårsesongen borte mot Surnadal neste lørdag.

Magne