Det er med stor glede at vi kan presentere Sunnmøres beste målskårar
dei siste par åra, Anna Kristin Brenne, som årets første Fortunasignering.

Anna er 2001 model (17 år) og kjem frå Sykkylven FK der ho har levert ei imponerande mengde mål for klubben.
På 36 seriekampar for FK Sykkylven har Anna skåra heile 43 mål.
I 2018 var ho suveren toppskårar i 3.divisjon på Sunnmøre med 23 seriemål på 16 kampar.
For å understreke Anna sine skåringskvalitetar kan vi ta med at ho skåra imponerande 57 mål på 37 kampar på J16 nivå for FK Sykkylven.

Anna har trent med oss fast i heile januar månad og har vist fin framgang.
Ho er som de forstår av skåringstala, ein spelar som veit kor målet står og som har sinestørste styrkar i motstandaren sin 16 meter.
Vi trur at gjennom ein god treningsjobb på eit høgare nivå utover vinteren, så kan Anna ta nye steg og kjempe om speletid hos oss.

Miljøet i Sykkylven er blant dei flinkaste klubbane på Sunnmøre til å utvikle gode fotballjenter, som kan ta steget opp på Fortunanivå.
Dei siste åra har Sykkylvsjenter som Isabel Bårdsgjære, Eli Melseth, Ingrid Alnes og Vivian Saadi vore sentrale og viktige spelarar for Fortuna.

Vi takkar FK Sykkylven for positiv dialog rundt overgangen og ser fram til å utvikle Anna vidare.

Velkommen, Anna ! 😊

Vi minner om at du kan sjå Fortunajentene og Anna i aksjon i årets første treningskamp lørdag 2.februar.
Staden er Sparebanken Møre Arena kl.14.45.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund