FK Fortuna Ålesund – Nidelv

9.serierunde 2.divisjon.

Som forventa vart dette spel mot eit mål i samtlege 90 minutt.
At vi har ballen ein plass mellom 80 og 90 % av tida, er vel ikkje å ta i vil eg tru.

Tribune : Ca. 90 tilskodarar.
Dommar: Henning Skjeret, Volda TIF.
Gule kort : Vivian Saadi + 1 til Nidelv.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Ingrid Alnes
Mette Muri, Stine Reite(K)
Kari Skovly, Anna Fjørtoft, Vivain Saadi
Malin Sunde
Innbytte :
– 55min. Helena og Vivian ut og Oda Tennfjord og Birgitte Bjørlykhaug inn.
– 64min. Mette og Kari ut og Camilla Smith-Nilsen og Ida Kroken inn.

Slik kom måla :
– 1-0 7min. Vi kastar til Malin som vendar i 16 meteren og legge ut til Anna, som avsluttar trygt i mål frå 7-8 meter.
– 2-0 13min. Vivian slår frispark nede frå hjørnet, der Malin kjem inn på bakre stolpe og heddar i måk frå 5-6 meter.
– 3-0 39min. Vi held trykket etter ein corner, og Anna set opp Malin som frå 16 meter vendar og avsluttar i mål i lengste hjørne.
– 4-0 70min. Ein ny situasjon der vi held trykket etter ein corner, og det er Cecilie som til slutt spelar igjen Stine R, som frå 6-7 meter set ballen sikkert i mål.
– 5-0 75min. Ida fossar inn i feltet og blir lagt i bakken. Malin set straffa sikkert i mål.
– 6-0 77min. Vi spelar eit etablert angrep, der Ida drive på tvers og spelar mot venstre til Birgitte som
tek touchen med seg inn i boksen og set ballen sikkert i mål frå 7-8 meter og litt skrått hald.
– 7-0 84min. Stine M kastar i beina på Camilla som dreg seg inn i bana og frå 17-18 meter skyt ho ballen
i mål heilt nede i nærmaste hjørne.
– 8-0 90(+1)min. Etter eit godt etablert angrep, er det Stine R som trer Anna igjennom åleine med keeper og
frå 5-6 meter er ho bombesikker !

Kampen :

Vi viste sjølvsagt på førehand at vi er eit klart betre lag enn Nidelv, og det var vi då også frå første til siste spark på ballen.
Mentalitet, presisjon med tempo, tolmodige og speleglede hadde spelarane satt på tavla som nøkkelpunkt til denne kampen.
Det synst eg dei so absolutt skal få godkjend på !
Vi får to mål ganske tidlege og har full kontroll. Vi er kollektive, vi set opp mange av dei kombinasjonane vi har prata om og vi
brukar ballen ofte på ein god måte. Vi kjem til mange gode posisjonar og til mange innlegg, men so manglar vi periodevis nok
presisjon og kvalitet på den siste og avgjerande pasninga eller avslutninga. Vi brenn også nokre store sjansar, men 5-6 minutt før pause
set vi inn ei fortjent 3-0 leiing.

I pausa handlar det om å gjere små justeringar, og vi er einige om at her kan vi rulle på mange mål om vi klarar å bli litt betre i dei avgjerande situasjonane.
Det skulle gå 25 minutt, eit enormt ballinnehav, eit par farlege Nidelvkontringar og misbruk av nokre gigantiske målsjansar for oss, før måla skulle byrje å rulle inn.
Då vi får 4-0 målet etter 70 spelte minutt, so kjem måla på rekke og rad og det stoppar til slutt på solide 8-0 !
Nidelv har hatt ein blytung sesong so langt, og la seg ekstremt lavt i dag og forsvarte seg med alt dei hadde.
Uansett kan ein ikkje anna enn å vere fornøgd når ein vinne med slike siffer til slutt.

Alle leverar solide prestasjonar i dag, både dei som startar og dei som kjem inn, so det er vanskeleg å plukke fram enkeltspelarar.
Eg vel likevel å dra fram Ida sitt innhopp i dag, ho var rågod då ho entra bana dei siste 25 minutta !

Molde vs Fortuna :
I ein jamn og tett kamp, so drog Molde igjen det lengste strået i bortekampen mot Byåsen 2(2-3), og beheld med det si
5 poengs leiing på tabelltoppen.

Slik ser det ut :
1.Molde med 25 poeng og 32-10 i målskilnad(+ 22 mål).
2.Fortuna med 20 poeng og 29-12 i målskilnad(+17 mål).
Det betyr uansett at alt er ope før høstsesongen, der vi møter Molde heime i nest siste serierunde.
Det er ikkje veldig usannsynleg at dette fort kan bli ein rein seriefinale !

Malin er med sine 3 mål i dag toppskårarar etter vårsongen med 7 mål. Tett følgd av Vivian med sine 6 mål.

Stine Reite spelte i dag sin siste seriekamp for oss i denne omgang, då ho skal i militæret i august.
Ho skal vere med ut sommaren og vere med oss på Dana Cup. Ho leverte både mål og assist i dag !
Mette og underteikna var ikkje i tvil, Stine som er visekaptein, skulle få være kaptein i dag.

Første seriekampen i høstsesongen er heime mot Volda lørdag 12.august kl.14.00.

 

Sportsleg helsing:

Magne