Træff – FK Fortuna Ålesund
8.serierunde 15.06. Reknesbanen.

Det var klart for vårsesongens siste seriekamp i ein sterk sommarvarme i Molde by.
Etter to strake tap ville Fortunajentene slå tilbake med hovudfokus på å spele med mykje energi og sprudle ute på bana.

Resultat : 1-5(0-2).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Eirik Furu, Clausenengen FK)
Tribune : Ca.60 tilskodarar.

Mål :
-0-1 13min. Vi vinne eit kast høgt oppe på Træff si venstreside. Anna plukkar ballen opp kjapt og Kastar til Kari på veg som dørlinja, som legge 45 grader ut til Solveig som styrar ballen i mål nede i hjørnet med venstra frå 12-13 meter.
-0-2 36min. Martine plukkar oppe ein andreball ca. midt inne på Træff sin halvdel. Ho set fart framover og trer ei strålande pasning igjennom til Kari, som skjere inn frå kanten og frå 7-8 meter set ballen i mål i lengste hjørnet med utsida av foten.
-1-2 51min. Træff spelar ein balll inn bak oss mot Alida Hagset, som dempar den med seg og avsluttar strålande i mål på halv volley frå 8-9 meter.
-1-3 61min. Mette gjenvinne ballen på 20 meter, dreg seg litt ut på hjørnet av 16 meteren og slår eit flott innlegg forbi bakre stolpe mot Nora. På halv volley strekke Nora rista og ballen går i ein perfekt bue over keeper og i mål i lengste hjørne. Vakkert !
-1-4 64min. Vi får frispark nede utanfor 16 meteren frå ca. 20 meter og skrått hald. Nora dunkar frisparket i mål heilt oppe i nærmaste kryss.
-1-5 90(+1)min. Kari vinne utsparket ca. 10 meter inne på Træff sin halvdel. Ho spelar på tvers til Solveig, som spelar Oda på medløp på høgresida. Oda sleppe ballen vidare igjennom til Daniela som slår eit lavt innlegg mot første stolpe. Der ventar Anna som vendar vekk stopparen og dunkar ballen i mål i lengste hjørne.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Kristine Gulbrandsen, Ellijanne Anderson
Mette O. Muri(K) og Solveig Engås
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Nora M. Ferstad
Anna Brenne

Innbytte :
-65min. Martine ut og Stine Reite inn.
-65min. Ellijanne ut og Helena Vattøy inn.
-65min. Kristine ut og Vilde S. Kroken inn.
-65min. Stine ut og Oda S. Tennfjord inn.
-65min. Nora ut og Amalie E. Sandvik inn.
-77min. Solveig ut og Daniela D. Gudnadottir inn.

Kampen :
Førsteomgangen i dag styrar vi omtrent frå start til slutt i sommarvarmen.
Vi skårar to flotte mål, skapar 4-5 store målsjansar i tillegg til skåringane og ikkje minst leverar vi mange flotte kombinasjonar og spelar med stor energi.
Heimelaget er ingen «kasteball» og legge ned mykje hardt arbeid for å gjere det vanskeleg for oss, likevel viser vi i omgangen at vi har meir klasse i laget.

I pausa er vi ganske fornøgde og i tillegg til nokre småjusteringar, så ynskjer vi å fortsette i same sporet som i førsteomgangen.
I andreomgangen blir vi kansje litt for komfortable i starten, då Træff prøvar å stresse oss litt høgare i bana. Dette slik at vi spelar på oss nokre brudd. Likevel er det Solveig som luftar skuddfoten etter 3-4 minuttar, men skuddet smell i tverrleggaren. I omgangens 6 . minutt får Træff stikke gjennom å redusere. Heldigvis rir vi av den «friske brisen» og med to kjappe mål frå Nora, etter vel 60 spelte minuttar får vi full kontroll igjen. Vi gjere heile 6 bytter siste delen av omgangen. Vi spelar oss frem til fleire bra mulighetar, men først i det klokka viser ca. 1 minutt på overtid, så får endeleg Anna si velfortjente skåring. I den frykteleg trykkande varmen er vi litt meir upresise etter pause enn før pause, men likevel vinne vi til slutt totalt fortjent og med full kontroll.

Kaptein Mette om kampen :
Vi er på fra start og får kampen dit vi ønsker. Vi har mye ball, har en del fine kombinasjoner, samtidig som vi har full kontroll defensivt.
Starten av andre omgang er litt rufsete og vi inviterer Treff inn i kampen igjen.
Heldigvis tar det ikke lang tid før vi tar tak i kampen igjen og får satt noen viktige scoringer!
Vi måtte slå tilbake etter to tapte kamper og det gjorde vi! Nå er det ei treningsuke før vi tar oss en fortjent ferie og skal samle krefter til en spennende høstsesong!
Vi gleda oss 😊

Trenarkommentar :
Etter to tap på rad, noko klubben ikkje har opplevd sidan spel i 1.divisjon i 2016, så var det viktig for oss å slå tilbake med ein god prestasjon og 3 poeng i dag. Det gjorde verkeleg jentene !
Træff er eit lag vi sjølvsagt skal slå, men samstundes var 0-2 tapet i serieopninga deira mot Molde det største tapet til no i år.
I tillegg gjorde sjølvsagt varmen at ein kunne bli litt bekymar for om vi skulle klare å spele med stor energi og intensitet.
Det gjorde vi så absolutt, noko GPS-målingane også viste, det vart lagt ned imponerande mange meter i dag.
Dette var vår siste seriekamp før ferien, medan resten av laga spelar siste runde neste helg.
Molde og KIL/Hemne som begge ligg 2 poeng føre oss med ein kamp mindre spelt møtast til innbyrdes oppgjer på Aker stadion. Før den kampen er spelt skal vi ikkje kome med bastante meiningar om status i divisjonen, men ein kan likevel fastslå at uansett resultat i denne kampen vil det bli ein spennande høst.

Vi skal no trene ein veke til og spele ein viktig J19 kamp mot Herd onsdag(2.runde NM), før vi tek 3 veker ferie.
Meir om status, spelarsituasjon og oppsummering av vårsesongen vil komme etter kvart.

Andre kampar i helga :

  • Herd – Sunndal, 6-2.
  • KIL/Hemne – Trondheims Ørn 2, 2-1.
  • Nardo – Molde, 0-4.

Tabell :

  • Molde FK, 7 kampar, målskilnad 22-6 og 18 poeng.
  • KIL/Hemne, 7 kampar, målskilnad 17-6, 18 poeng.
  • Fortuna Ålesund, 8 kampar, målskilnad 30-8 og 16 poeng.
  • Herd, 7 kampar, målskilnad 19-10, 14 poeng.
  • Trondheims Ørn 2, 6 kampar, målskilnad 15-10, 8 poeng.
  • Hødd, 7 kampar, målskilnad 11-19 og 8 poeng.
  • Træff, 7 kampar, målskilnad 13-17, 4 poeng.
  • Nardo, 6 kampar, målskilnad 6-26, 3 poeng.
  • Sunndal, 7 kampar, målskilnad 3-34, 0 poeng.

Første seriekamp etter ferien går heime mot Herd lørdag 10.august. kl.14.00.

Gløym ikkje lokalderbyet i J19 NM mot Herd på Amfi Moa stadion onsdag 19.06.kl.18.15.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund