Som «frykta» og litt som forventa, så avgjorde KIL/Hemne 2.divisjon avd. 6 til sin fordel lørdag.

Fortuna var ferdigspelte og leia tabellen med 2 poeng før siste serierunda.
Skulle Fortuna stå på toppen til slutt, så måtte vi ha hjelp av at Molde tok poeng mot KH.
KH gjekk tidleg opp i 2-0 leiing og alt verka avgjort til pause.
I andreomgangen starta det verkelege dramaet, då Molde slo tilbake. I kampens 86.minutta utlikna dei til 2-2, eit resultat som ville gjeve Fortuna seriegullet.
Det var for godt til å vere sant – ja, det var det dessverre. I kampens 88.minutta får heimelaget KH eit frispark på 18 meter. Det ikkje alt for vanskelege frisparket
mistar Molde sin keeper og på returen er ein KH-spelar på plass og sete returen i mål.
KIL/Hemne var då med dette seriemeisterar 2019 – Vi gratulerar !

Som vi trudde før seriestart så ville årets sesong bli rekordjamn. Dei 5 øvste laga held eit godt nivå, medan skilnaden til laga på nedre halvdel er veldig stor.
Difor ville dei innbyrdes kampane bli særs avgjerande mellom topp 5-laga.

Dessverre gav vi vekk for mange poeng i vår. Høstsesongen vår har vore bort i mot prikkfri, der vi har vunne 7 av 8 kampar og feia over all motstand.
Det starta med den historiske NM-kampen mot Vålerengai starten av august, der vi leverte ein imponerande prestasjon.
Tapet kom mot kansje «tidenes» sterkaste Trondheims Ørn 2 lag, der vi tapte 4-3 etter å kansje ha levert vår beste kamp i høst.
Vårsesongen var prega av at vi igjen mista viktige spelarar etter forrige sesong(Vivian Saadi og Ida Kroken til studiar og andre klubbar, og Stine Reite og Helena Vattøy på reise i utlandet heile vinteren).
Samstundes var vår beste spelar i 2018 sesongen, Cecilie Otterlei, ute med skade i store delar av vårsesongen.
Det gjorde at vi trengt tid på å setje eit nytt lag og vi var sårbare med ein tynn tropp i vårsesongen.

Ein fantastisk treningssommar der vi også fekk inn nye folk, og der vi ikkje mista nokre sentrale spelarar frå vårsesongen, gjorde at vi har kunne levere den beste Fortunahøsten poengmessig i klubben si historie !
Vi har spelt fantastisk fotball og levert nesten prikkfrie resultat, men det vart dessverre totalt sett 1 poeng for lite når fasiten er klar.
Både i 2017 og 2018 har vi mista sentrale spelarar om sommaren og vorte «svekka» inn i høstsesongen.
I sommar beholdt vi heile laget og forsterka oss, noko som er hovudårsaka til utviklinga vår og prestasjonen i høst.
Dessverre – vart det berre nesten godt nok til å få lov å spele kvalifisering…..

I vårsesongen spelte vi oftast med 7 juniorar og 4 seniorspelarar frå start, og ein snittalder i start 11àren på ca. 18,5 år.
I høstsesongen  har vi oftast spelt med 5 juniorar og 6 seniorspelarar frå start, og ein snittalder i start 11àren på ca. 20 år.

Seriemeister KIL/Hemne har til samanlikning hatt ein snittalder i sin start 11àr på ca. 22,5 år, og oftast starta med 10 seniorspelarar og 1 juniorspelar på sitt lag.

Ser ein på tabellen under, så ser dykk også at vi har skåra heile 32(!) mål meir enn seriemeisteren, og har ein målskilnad som er 30 mål betre enn KH.
Det seier også noko om at vi har det beste offensive spelet i divisjonen, men også noko om at KH si erfaring og rutine har vore avgjerande for dei i forhold til å
vippe fleire av dei jamne kampane i deira favør.

Tabell 2.div. avdeling 6 – 2019:

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1KIL/Hemne1641-1438
2Fortuna Ålesund1673-1637
3Trondheims Ørn 21653-1933
4Molde1646-1932
5Herd1632-2130
6Hødd1621-5515
7Træff1624-4810
8Nardo1610-647
9Sunndal169-544
  • KIL/Hemne er seriemeisterar og spelar kvalifisering om opprykk til 1.divisjon.

Først møter dei Mjølner og Sandefjord i ein enkel serie(2 kampar). Heime mot Sandefjord og event. borte mot Mjølner.
Vinne KH denne «serien», så møter dei vinnaren av den andre serien( dei 3 andre 2.divisjonsvinnarane) til ein enkeltkamp på nøytral bane.
Vinnaren her igjen møter nr. 8 i 1.divisjon til heime/bortekamp for å endelege avgjere kven som får spele 1.divisjon 2020.

  • Sunndal rykker direkte ned.
  • Nardo beheld plassen i 1.divisjon om Byåsen i 1.divisjon(ligge på nedrykk pr.no) klarar å redde plassen.
    Rykker Byåsen ned er Nardo avhengig av at KIL/Hemne rykker opp for å få spele 2.divisjon 2020.

Sjølv om det ikkje gjekk slik vi har jobba for og håpa på og skuffelsen er enorm, så må eg til slutt få takke ei fantastisk spelargruppe og eit strålande støtteapparat for den fantastiske jobben som vi saman har gjort i 2019. Saman har vi skapt utvikling og teke store steg både på og utanfor bana.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund