FK Fortuna Ålesund – Molde FK

14.serierunde 14.09. Aksla stadion.

Serieleiar Molde var motstandar på den fantastiske Akslamatta i dag.
For Fortuna sin del var det berre ein ting som gjaldt – det måtte vinnast !

Resultat : 3-1(2-0).
Gule kort : 1 til Molde.
Dommar : Håkon J. Tronstad, Valder IL.
Tribune : ca. 130 tilskodarar.

Mål :
1-0 16min. Vi leverar eit flott angrep som startar via Stine R bak, før Solveig finne Agata som får eit stort rom å forsere i ute mot vår vestre side.
Agat aset på full fart og drive 20-30 meter med ballen før ho frå 18-20 meter dunkar ballen i mål heilt nede ved nærmaste stolperot.
2-0 33min. Nora viser igjen fram sin fantastiske dødballfot. Ho slår ein fantastisk innoverskrudd corner som susar i mål i næraste vinkel.
2-1 62min. Molde skyte frå ca. 30 meter og skuddet går via Marthe og i mål.
3-1 65min. Kristine kastar i beina på Anna inne i 16 meteren som vender opp og skyte i næraste hjørne. Keeper må gje retur og der er Mette og skårar sikkert frå kort hald.  

Slik starta vi : 1-4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Stine M. Reite, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Agata Droździk
Kari E. Skovly, Anna Brenne, Solveig Engås

Innbyttarar :
-65min. Oda ut og Ingrid Vatne inn.
-73min. Kristine ut og Stine O. Muri inn.
-79min. Agata ut og Vilde Kroken inn.
-79min. Stine R ut og Ellijanne Anderson inn.
-79min. Kari ut og Amale E. Sandvik inn.

Kampen :
Førsteomgangen i dag er særs solid av oss mot eit ungt Moldelag som verkeleg trykka til og gav oss kamp i duellspelet.
Vi har meget god kontroll bakover og Molde skapar ikkje ein einaste målsjanse på oss før sidebytte.
Offensivt har vi ein del fine tendensar, skårar to glimrande mål og har i tillegg 3 enorme mulighetar til å ha kunne skåra fleire mål.
Etter kun 1 minutt får Solveig kampens første store sjanse, men skuddet frå kort hald går utanfor.
Den andre kjem ved Kari som sete ballen like utanfor i god posisjon, og den tredje ved Cecilie frå 9-10 meter etter ein corner.
Vi skulle også truleg hatt eit straffespark då Agata blir sparka ned i feltet ganske tidleg i omgangen.
Uansett kan vi berre konstantere at 2-0 til pause er særs fortjent !

I andreomgangen startar vi med å trykke Molde endå lengre tilbake på bana og når dei skårar etter 62 minuttar, så har dei nesten ikkje fått vore på «besøk» på halvdelen vår.
Før 2-1 reduseringar har vi hatt eit godt overtak og skapt fleire nestensjansar, men har mangla den aller siste presisjonen for å omsette det kraftige overtaket til fleire mål.

Heldigvis slår vi kjapt tilbake og skårar 3-1 berre 2-3 minuttar etter reduseringa og får full kontroll på kampen igjen.
Siste delen av kampen blir litt «rotete» der vi er litt for upresise med ball, noko som gjere at vi ikkje får satt fleire skåringar.
Molde på si side skapar heller ikkje mykje. Eit frispark frå 22-23 meter som Marthe reddar ganske greit, før dei får sin einaste store sjanse i kampen like før slutt.
Ingen tvil, dette var ein solid kamp, der vi var klart best !


Vi avsluttar med Moldetrenar, Morten Kristiansen, sin uttale i Romsdals budstikke etter kampen :
Vi var ikke gode nok i dag, så dette resultatet var greit. Vi må bare erkjenne at vi tapte for et robust lag som var bedre enn oss i denne kampen. Fortuna har mer løpskraft og duellkraft, mer rutine og erfaring. 

Kaptein Mette om kampen :
Vi tar tak i kampen fra start og får satt et trykk på Molde. Vi skaper en del målsjanser og har god kontroll på det Molde kommer med. Slik fortsetter det også i andre omgang.
Selv om vi vinner fortjent og har full kontroll, er det en del slurv i det offensive spillet vårt. Det viktigste er likevel å ta med seg 3 fortjente poeng, slik at vi fortsatt er med i kampen om å vinne avdelingen.

Trenarkommentar :
Forrige helg leverte vi truleg årets beste fotballkamp, sjølv om det vart eit bittert 3-4 tap borte mot eit sterkt Ørn 2 lag.
I dag «glimrar» vi ikkje heile tida, men leverar ein ny meget solid og godt gjennomført kamp. Vi er rett og slett klart betre enn serieleiaren Molde(serieleiar før dagens runde).

Vi er litt ubesluttsomme og upresise i den siste avgjerande pasninga eller avslutninga i dag, og det er grunnen  til at vi ikkje vinne med større siffer i dag.

Det viktigaste er likevel at vi viser at vi er eit betre lag enn Molde no og at vi tek 3 viktige poeng.

Realitetane er veldig enkle å forholde seg til no.
Neste helg møter vi KIL/Hemne borte i ein kamp der vi må ta med oss 3 poeng, om det skal vere eit håp om å kunne stå øverst på tabellen til slutt.

Utan siger neste lørdag, så vil seriegullet stå mellom Molde og KIL/Hemne før dei to siste serierundane.

Vi skal få stabla på plass ei god treningsveke og førebu oss godt. Vi er i angrepsposisjon, favorittstempelet ligg utan tvil på heimelaget.

Resultat i helga :
Hødd – KIL/Hemne, 0-2.
Sunndal – Træff, 1-2.
Trondheims Ørn 2 – Nardo, søndag.

Tabell :

Nr.LagKamparMålskilnadPoeng
1KIL/Hemne1335-732
2Fortuna Ålesund1463-1531
3Molde1341-1429
4Trondheims Ørn1238-1424
5Herd1327-1923
6Hødd1417-5212
7Træff1320-3310
8Nardo129-524
9Sunndal147-513

Neste kamp for Fortuna er borte mot KIL/Hemne lørdag 21.september kl.13.00.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund