Best i Fylket – videre i NM!

Facebook
Facebook
INSTAGRAM

FK Fortuna Ålesund – Molde FK
1.runde NM damer – 01.05. Aksla stadion.

Resultat : 2-1(1-0).
Gule kort : Emma S. Godø, Molde..
Dommar : Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen IL.
Tribune : Ca.70 tilskodarar.

Mål :
-1-0 10min. Martine og Anna kombinerar eit par gangar ca. midt inne på Molde sin banedel
før Martine kjeme seg fri på ca. 25 meter og dunkar ballen i mål i lengste vinkel. Vakkert !
-2-0 53min. Nora slå corner corner der Kristine kjem på ballen på 6-7 meter og heddar via
ein Moldespelar og i mål.
-2-1 85min. Molde får frispark ca. 40 meter frå vårt mål. Molde sin stoppar dunkar til
og Marthe blir litt overivrig og bommar på sin aksjon i feltet og ballen går over ho og i mål.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad
Solveig Engås og Oda Tennfjord
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne

Innbytte :
-66min. Oda ut og Vilde Kroken inn.
-74min. Martine ut og Daniela D. Gudnadottir inn.
-80min. Nora ut og Ellijanne Anderson inn.

Kampen :
Det var ein kamp under litt meir utfordrande speleforhold på Aksla onsdag, enn kva det var
under dei sommarlege forholda lørdagen. Ei glatt bane etter regnet kombinert med litt vind,
gjorde at finspelet ikkje var like framtredande heile kampen.
Vi får den beste moglege starten på kampen då vår offensive duo Martine og Anna kombinerar,
før Martine viser fram sin strålande venstre fot og fyrar ballen i mål i lengste vinkel frå ca. 25 meter etter 10 spelte minutt.
Sjølv om Molde har ein del ball resten av omgangen, så skapar dei veldig lite framover.
For vår del har vi eit par gode mulighetar til å auke leiinga, først på ein retur frå keeper der Anna kan skåre
og seinare etter ein corner der det er kaos i Moldefeltet.
Til pause tek vi med oss ei fortjent 1-0 leiing etter å hatt vinden i ryggen.

Vi er vel ikkje meir enn sånn passeleg fornøgde i pausa, då vi føler at vi går litt på «halv maskin» i dag.

Med ryggen i vinden pressar Molde oss høgt i bana frå starten av etter pausa.
Vi slite litt med valga våre og korleis vi skal løyse dette, noko som gjere at vi slite med å få etablert
veldig mykje eige spel den første delen av omgangen. Til tross for eit Moldepress, så skapar dei vel
eigentleg veldig lite, utanom eit par nestensjansar etter dårlege val av oss.
Etter kvart får vi meir kontroll igjen og får satt opp nokre flotte kombinasjonar utover i omgangen.
Totalt sett er det vel ein omgang utanom dei veldig store og klare sjansane til noko av laga, før Molde skårar
etter at Marthe feilbereknar ein dødball 4 minuttar før slutt. Sjølv om det sjølvsagt blir litt meir
hektisk etter dette, så ror vi ein trygg siger i land.

Kaptein Mette om kampen :
Vi kommer godt i gang og får satt et trykk på Molde, og det er ikke ufortjent at vi går til pause med en 1-0 ledelse.

Andre omgang er det vår tur til å ha motvind og vi sliter periodevis med å flytte laget ut og få spilt over Moldepresset,
men har likevel god kontroll på det Molde kommer med.
Alt i alt en godkjent kamp fra vår si side som vi kontrolerer.
No e vi spent på trekninga 😊

Trenarkommentar :
Skal ein oppsummere kort og presist, så tenker eg at vi vinne ein særs komfortabel siger på ein middels dag for vår del.
Vi leverar ingen topp prestasjon, men vi er solide og spelarane gjere ein godt gjennomført jobb utan å «lyse».
Samstundes føler eg eigentleg at vi har full kontroll på kampen, og at Molde hadde lite å true oss med i denne kampen.
Igjen viser vi at vi er særs solide defensivt som lag, samstundes som der er ein del flotte og positive kombinasjonar offensivt.
Uansett handlar cupkampar om å gå vidare til neste runde, og den jobben leverte vi til bestått !
No ventar vi sjølvsagt på trekninga som truleg kjem fredag. Får vi besøk av Toppseriemotstand ?
Kansje Trondheims Ørn på heimebane ? Eller blir det endå eit lokaloppgjer med Herd på motsatt banehalvdel ?

No skal vi restituere godt og samle overskot før vi set kursen mot Ulsteinvik og toppoppgjer mot Hødd lørdag.
Avspark på Høddvoll lørdag er kl.14.00.
Vi gledar oss 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund