Best i Fylket!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

Molde – FK Fortuna Ålesund
4.serierunde – Aker stadion 12.05.18

Ein nydeleg sommardag på Norges flottaste fotballstadion, var ramma rundt
kampen som igjen skulle avgjere kven som er fylkets beste damelag.
Igjen var det vi som viste at best i fylket – det er Fortuna !

Resultat : 1-3(0-3).
Gule kort : Mette O. Muri.

Tribune : Ca. 100 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbytte :
– 64min. Vivian ut og Anna Fjørtoft inn.
– 70min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.
– 80min. Nora ut og Eva Hormazabal inn.
– 88min. Camilla ut og Vilde Kroken inn.

*Oda Tennfjord og Stine Muri ubenytta.

Mål :
-0-1 5min. Ida og Kari kombinerar nede på vår venstreside, før Ida får ballen
og ledig rom på ca. 35 meter. Ho stuper inn i rommet og går inn i straffefeltet,
der ho spelar ballen forbi stopparen og blir lagt i bakken.
Straffa set Katarina sikkert i mål.

-0-2 29min. Camilla «stjele» ballen frå ein Moldestoppar på veg framover, og set fart mot
hjørnet av 16 meteren. Der svingar ho ballen perfekt inn i rommet mellom den andre
stopparen og keeper og Katarina kjem perfekt på bakre stolpe og avsluttar sikkert i mål.

-0-3 34min. Cecile bryt eit langt Moldeoppspel og heddar ballen i beina på Vivian
omtrent på midtstreken. Vivien helde tak i ballen til ho får med seg Camilla på kanten.
Camilla spelar bellen inn til Mette, som spelar opp på ei møtane Katarina.
Ho legge tilbake igjen til Mette som på eit touch spelar inn bak stopparen
til Molde der Katarina kjem seg fri og skyt i mål frå ca. 12-13 meter.

-1-3 54min. Molde slår ein corner der vi tapar duellen på 5 meteren, og Molde
si Guro Dahle heddar ballen i mål.

Kampen :

Alt på oppvarminga ser vi at det er god energi i laget i dag, noko vi tek med oss inn i kampen.
Det går berre 3 minuttar før Ida skaffar oss straffe og etter eit par minuttar med «ising» av
Ida, så er Katarina iskald og sender oss i leiing på straffa.
Vi fortsette å stå godt, krige samla og ta duellane i kampen, noko som gjere at vi er det beste
laget dei første gode 30 minuttane. Gode prestasjonar og flotte kombinasjonar gjev oss då
både 2-0 og 3-0. Katarina har vore dødeleg effektiv og skåra hattrick då klokka viser 34 minuttar spelt.
Dessverre fell vi litt av inn mot pause, overlet iniativet i kampen til Molde og blir for passive med ball
og alt for upresise med ball. Det betyr at Molde kan skape eit par neste sjansar på oss før pausa.

Vi er sjølvsagt strålande nøgde med 3-0 til pause, samstundes er vi einige om at vi har felle litt
av siste perioden og må løfte oss høgare opp i bana igjen.
Vi klarar å løfte oss høgare i bana og setje eit større press på Molde igjen etter pause.
Fram til Molde heddar ein corner i mål like før klokka viser 55 spelte minutt, har vi vore best
i andreomgangen.

Dei neste 10 minuttane bølgar kampen litt fram og tilbake utan nokre klare sjansar til
nokre av laga før Kari blir spelt igjen og slårr inn til Katta som er fri på bakre stolpe, men
ballen er akkurat litt for høg til at ho får nok panne på den til å hedde den på mål.
Etter 68 spelte minutt missar vi ballen på eigen halvdel, ein Moldespelar
blir spelt åleine med Marthe, men ho viser klasse med ei strålande redning.

Molde har mest ball dei neste 15-20 minuttane, men vi forsvarar oss godt og dei kjem
skjeldan til nokre gode mulighetar. Vi er dessverre for ofte upresise med ballen til
å klare å vere nøyaktige nok i overgangane våre.
I det 85 minutt får Molde ein ball i boksen vår, men Marthe er igjen på plass
med ei god redning. Kun eit par minuttar seinare får vi ein gigantmulighet på corner,
der Molde til slutt reddar på streken.
Dei siste minuttane bløgar det litt fram og tilbake utan at det blir noko meir enn nesten for begge laga.
Til slutt er det ein særs solid og fortjent Fortunasiger !

Kaptein Mette om kampen :

Første halvtimen av første omgang synes jeg vi er det beste og førende laget, vi er effektive og får en solid 3-0 ledelse.
Siste kvarteret kommer Molde litt mer med og vi blir spilt lave. Andre omgang er litt dårligere enn første,
der vi i store perioder ligger lavt i bana og forsvarer oss.
Vi er også veldig upresise i pasningsspillet når vi vinner ballen.
Men vi kriger og står på gjennom 90 minutt og det er ufattelig deilig å viktig dra fra Molde med full pott!!!

Trenarkommentar :

Kampen i vart som forventa tøff og tett, heldigvis har vi den nødvendige X-faktoren i dag med
matchvinnarar i begge endane av bana.
Molde har mista 4 faste spelarar frå fjorårets start 11`ar og har i vinter virka litt svekka.
Ein god jobb av eit særs dyktig trenarteam har klart å løfte laget etter vinterens svake treningskampar.
Dette til ein god seriestart med 3 strake sigrar før dagens kamp.
Vi har jobba godt sidan cupkampen mot Herd der vi var under pari, og framstod frå start i dag
med ein heilt ny giv og energi i laget. Det gjekk utover Molde i dag.
Vi er ikkje 100 % nøgde med alle delar av spelet i dag, men totalen er god og
å vinne på Aker stadion er sterkt. Det er nok fleire lag som kjem til å måtte slite for poeng der i år.
Kampen i dag var viktig i forhold til å ta føringa i divisjonen. I fjor surra vi vekk poeng i mai månad og
kom på etterskot. No har vi starta strålande og teke føringa i serien.
Ein solid laginnsats i dag med ekstra stjerne i boka til Katarina med 3 mål og ikkje minst Marthe som
kansje gjere sin beste Fortunakamp nokon gang og framstår stadig tryggare og betre i Fortunamålet..
Det beste av alt er at vi kan bli endå betre ! ?

Den utsatte kampen mot Byåsen 2 er neste seriekamp ut, den går mandag 21.mai kl.18.00 på Aksla.

Magne

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!