Byåsen 2 – FK Fortuna Ålesund
14.serierunde 2.divisjon.

Ny kamp på bortebane der vi køyrer over motstandaren, men slepp inn enkle
mål og brenne målsjansar du knapt ville trudd var mogleg om du hadde sett dei…..

Tribune : Ca. 40 tilskodarar.
Dommar: Adrian Tuft Isdhal(NTNUI).
Gule kort : Eit til byåsen 2.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Malin Sunde
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly
Katarina Sunde
Innbytte :
– 29min. Cecilie ut(skade) og Helena Vattøy inn.
– 65min. Kari ut og Ingrid Vatne inn.
– 90min. Vivian ut og Eva Hormazabal inn.

Slik kom måla :
– 1-0 20min. Frispark frå midtstreken blir slått inn i vår 16 meter. Vi tapar første duellen, ballen går vidare i feltet og vi har ikkje
følgt spelarane våre, od då bukkar og takkar ei upressa Byåsenjente for gåva og set ballen i mål.
– 1-1 25min. Vivian slå eit godt frispark frå ute på sida inn i feltet der Malin møter og berre forlengar ballen i mål i lengste hjørne.
– 2-1 38min. Byåsen kontrar kjem seg til dørlinja på vår venstreside, vi er 4 mot 1(!) framfor eige mål, men igjen sviktar vi totalt i markeringane og Byåsen skårar igjen.
– 2-2 85min. Vi har eit kast høgt oppe i bana, der ballen etter litt fram og tilbake landar i beina på Ingrid A på rundt 16 meter.
Ho dunkar til på direkten med høgrefoten og ballen susar i mål i vinkelen i lengste hjørne.
– 3-2 90min. Vi vinne ballen sentralt, Mette spelar igjennom til Katta som kjem seg til dørlinja og legge ut 45 grader, der kjem Ingrid V
susande og set ballen kontrolert i mål nede i hjørnet.

Kampen :
Vi startar kampen meget bra, og før det er spelt 20 minuttar så bør denne kampen vere avgjort !
Dessverre var dette dagen, då det mest enorme sjansane ikkje går i mål.
Lisa i målet vårt har hatt 1 berøring på ballen(5 meter) då Byåsen går i leiinga 1-0 etter 20 minuttar.
Vi fortsette å skape sjansar utover i omgangen, og får eit særs fortjent utlikning på dødball etter 25 minutt.
Kort tid etter dette må dessverre Cecilie ut med eit kraftig overtråkk.
6-7 minutt før pause står det 8-1 i store målsjansar til oss. Då snakkar vi om 2 i tverrleggaren, åleine med keeper,
skudd over mål frå 2 meter osv….
Dessverre er Byåsen ekstremt effektive på vår slurv og det er då utruleg nok heimelaget som leiar 2-1 til pause.

For å seie det slik, stemninga var ikkje akkurat god i pausa…….

Etter sidebytte fortsette vi å beleire Byåsen sin halvdel, men med 11 Byåsenspelarar frå 30 meter og inn stort
sett heile omgangen, så skapar vi no ikkje like mange og like store sjansar.
Vi trykke på, styrer det meste, men slit med å omsetje dette i det heilt store.
I det klokka byrjar å tikke styggfort mot 90 spelte minutt, så ser dette frykteleg stygt ut.
Heldigvis gjev ikkje spelarane opp, og til slutt får vi både ei særs fortjent utlikning og ikkje minst sigersmål.
5 ufatteleg lange overtidsminutt blir det, og når dei endele er over kan vi juble som om vi har vunne cupfinalen !

Ida Kroken måtte stå over i dag pga. skade i tåa etter forrige kamp.

Det endte godt i dag, men igjen ser vi det som har vore utfordringa vår i heile år og spesielt
på bortebane. Vi slepp inn alt for lette baklengsmål og vi brenn alt for mange KLARE målsjansar.
Mellom 16 meterane er vi totalt suverene i forhold til å ha eit eige spel i denne divisjonen, på RÅSKAP
der fotballkampar blir avgjort, i 16 meterane, så er vi dessverre ikkje best.

4 seriekampar gjenstår, spenninga og duellen mot Molde leve framleis i beste velgåande…..

Søndag møter vi Tiller i J19 NM på heimebane kl.13.00. Ta gjerne turen ! ?

Magne