FK Fortuna Ålesund – Tiller
NM J19 – Kvartfinale

Fredag opplevde vi eit seriedrama på bortebane mot Byåsen.
I dag var det klart for cup og det vart igjen eit drama utan sidestykke !

Tribune : Ca. 150 tilskodarar.
Dommar: Kristian Melset(Sykkylven IL).
Gule kort : Ingen.
Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Malin Sunde(K), Helena Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Eva Hormazabal, Ida Kroken
Kari Skovly, Nora Ferstad, Ingrid Vatne
Vivian Saadi
Innbytte :
Ingen !

Slik kom måla :
– 1-0 21min. Malin slår ein strålande ball inn i bakrommet, der Vivian held unna sin forsvarsspelar
og avsluttar på ein fantastisk måte i lengste hjørne.
– 1-1 45min. Vi tapar ballen nede på vår høgre side. Tiller slår ein god ball inn bak oss og over heile backrekka,
og åleine med Lisa set dei ballen i mål.
Straffene :
– 2-1 Malin. – 2-2 Tiller.
– Bom Vivian. – Bom Tiller.
– 3-2 Ida. – 3-3 Tiller.
– 4-3 Helena. – 4-4 Tiller.
– 5-4 Eva. – Bom Tiller.

Kampen :
La oss ta konklusjonen først. Vi var ikkje i nærheten av det nivået vi ynskjer å vere på i dag, og det er på
slike dagar ein må vise mentalitet, råskap og gå heilt i kjellaren.
I fotball og spesielt i cupen, så handlar det då heller ikkje om stilkarakterar, men å VINNE !
Vi var kun 11 disponible spelarar i dag + ein sjuk keeperreserve. Ida spelte skada med ei forstua tå, Eva har vore vekke frå
fotballen i 1 år og er nett tilbake og ellers særs mange nye konstellasjonar. Samstundes hadde vi ein ekstremt krevjande kamp i Trondheim fredag, ikkje berre fysisk, men like mykje mentalt.
Å måtte gå gjennom ekstraomgangar og straffesparkkonkurranse i dag i tillegg, synst eg berre gjere prestasjonen til jentene ekstremt imponerande !

Kampen er jamn og tett, utan veldig mange store målsjansar til noko av laga.
Vi har dei største sjansane, med to i tverrleggaren, medan Tiller har nokre fleire sjansar enn oss totalt sett.
Begge laga prøva å ta kvarander ut høgt i bana, noko som gjere at ingen av laga klarar å etablere eit godt angrepsspel.
Vi er alt for stressa med ball, for upresise, tørr for lite og er litt for ofte på hælane til å få satt eit godt angrepsspel.
Tiller har mange spennande typar, forsvarar seg godt og er først og fremst farlege på dødballar, lange innkast og hurtige kontringar.

Totalt sett kan vi både vinne og tape denne kampen i ordinær tid, men det er ikkje veldig urettferdig å seie at
1-1 og uavgjort er heilt greit etter 90 spelte minutt.
For oss var Lisa meget trygg og solid i mål i dag og Vivian gjekk verkeleg i front og bar nesten oss på sine skuldrar
i periodar, med ein enorm innsats på topp !

I ekstraomgangane skjer det lite, og kampen ebbar ut til straffesparkkonkurranse.

Før straffesparkkonkurransen handlar det om å velge dei rette til å skyte. Kven vil, kven er i flyten ?
Samstundes handlar det om å ufarleggjere situasjonen, ein må bomme.
Hugs kvar vi gjorde i Danmark når vi avgjorde på straffer der, senk skuldrane, vi står saman om dette, ta god fart og set ballen i eit hjørne. Malin er klar, Ida er klar, Vivian er klar, Helena vil du ? Ja, eg tek den. Kven vil ta nr. 5 ? Eg er nervøs seier Eva, eg stolar på deg
Eva, tenk på frisparket på treninga onsdag svara eg. JA, stolar du på meg, så er eg klar slår Eva fast.
Rune ber til høgare makter, vi er klare…..

Du har sett det før, dei beste spelarane gjerne “stjernene” brenn ofte sitt straffespark i store kampar.
Då er det typisk at kampens og vår gigant, Vivian, skyt i tverrleggaren. Totalt knust sjølvsagt, heldigvis tek Malin som
kaptein ansvar og hentar Vivian “heim”. Vi står saman om dette !
Vi gjer ikkje opp, eg sa det og eg hadde det litt på følelsen, dette kan Lisa avgjere.
Resten av våre jenter set ballen i mål, Lisa reddar først det andre straffesparket, før ho på stillinga 5-4 til oss reddar det
siste og avgjerande sparket på ballen. Då kan vi juble, for ein dramatisk og fantastisk deilig siger ?

Vi er blant landets 4 beste J19 lag !

I kveld er eg stolt, ufatteleg stolt over at VI drog dette i land ?

Lyn, Kongsvinger og Fortuna er klare for semifinalane.
Vinnaren av Fløya – Arna/Bjørnar blir det siste laget.
Semifinalane skal i utgangspunktet gå helga 7.-8. oktober.
Fortuna har vore i semifinalen ein gang før. Det skjedde i 2010,
då tapte ein semifinalen borte mot Fløya.

Du kan lese her kvar Tiller skriv om kampen :
http://www.tillerfotball.no/blog/post/114208/j19-fortuna-5—4-tiller-(e.str.)?ispage=true

 

#samhold #vilje #kvalitet #engasjement

Magne

Kategorier: Nyheter