Byåsen – FK Fortuna Ålesund
2.runde NM damer, Byåsen Arena 31.05.18.

Det er ikkje kjedelege tider å vere ein del av Fortunagjengen for tida. Då er du garantert dramatikk. Mot eit av topplaga i 1.divisjon, skulle det for andre gang på få dagar blir ein tett og innhaldsrik fotballkamp.

Resultat : 3-2 etter ekstraomgangar(2-2 full tid).
Gule kort : Ingrid Vatne.
Dommar : Line C. Nymoen, Kolstad Fotball.

Tribune : Ca. 60 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
– 51min. Vivian ut og Anna Fjørtoft inn.
– 59min. Camilla ut og Kari Skovly inn.

Mål :
-1-0 38min. Vi har frispark bak på eigen halvdel. Vi byrjar å spele og har full kontroll. Så trykke Byåsen opp i presset sitt og då, vel vi dessverre feil, spelar på oss brudd og det utnyttar Byåsen nådelaust.

-1-1 56min. Camilla gjennvinne ballen midt på Byåsen sin banehalvdel og trer strålande gjennom Katarina, som er sikker og set ballen i mål i nærmaste hjørne.

-1-2 68min. Etter litt fram og tilbake på midtbana er det Ingrid som spelar ballen inn bak Byåsenforsvaret til Katarina på løp. Ho spelar ballen forbi ein utrustande keeper, får press på seg, men beheld roa og set ballen i ope mål.

-2-2 87min. Vi har ballen i angrep, skuddet vårt blir blokkert og går rett til ein Byåsen-spelar Som startar ei hurtiog kontring på vår venstre side. Til slutt kjem dei seg fri og får lagt inn framform mål og skåringa er eit faktum.

3-2 104 min. Byåsen får frispark litt inne på vår halvdel. Eit langt frispark blir slått i boksen, der vår utboksing træff ein Byåsenspelar, som får to mulighetar før ho til slutt får satt ballen i mål.

 

Kampen :

På ein flott og usedvanleg varm sommardag i mai, så var det klart for spennande NM-kamp mot eit av 1.divisjons beste lag.

Førsteomgangen er som forventa tett og tøff, vi er nok ikkje heilt på topp energimessig etter ei lang bussreise, men legg ned ein stor innsats til tross. Byåsen har mest ball, men skapar ikkje meir enn eit par store sjansar utanom skåringa. Vi forsvarar oss godt og er definitivt ikkje ufarlege framover. Alt etter 7 spelte minutt meinar vi at det er ei klokkeklar straffe, då Vivian vendar av backen i 16 meteren, men blir sparka i bakken. Dessverre er ikkje dommaren einig.

Vi får ein stor sjanse ca. midtvegs i omgangen, då ein Byåsenspelar får renska unna omtrent på streken rett framfor Ingrid. Etter ein litt «sløv» start av oss synst eg vi får betre og betre kontroll utover i omgangen. Nokre minutt før pause vel vi dessverre litt feil og set oss opp i problemar som Byåsen utnyttar nådelaust til å gå i 1-0 leiing til pause.

Samla sett ikkje noko å seie på at heimelaget tek med seg ei knapp leiing til pause.

I pausa handlar det om at ting er mogleg, det handlar om å stå fram og det handlar ikkje minst om mentalitet. Dette kan vi vinne ! Byåsen går ut i 100 etter pause, men når vi klarar å «ri av» dei første minuttane, så får vi utlikninga til 1-1 vel 10 minuttar ut i omgangen. Då forstår vi verkeleg at dette er fullt mogleg. Vi veks oss no meir og meir inn i kampen, får leiinga 2-1 og forsvarar oss strålande. Byåsen køyrer på med det dei har, men eg følar vi får betre og betre kontroll dess lengre utover i omgangen vi kjem. I sluttminutta er det vi som har momentum i kampen ved både å komme åleine med keeper og igjen bli etter vårt syn snytt for straffespark. Dette skjer i forkant av at Byåsen kontrar og utliknar i kampens 87.munttt.

Så nære, så nære var vi…..

I ekstraomgangane tek Byåsen med seg energi etter 2-2 utlikninga og får tidleg ein stor målsjanse utan resultat. Etter kvar får vi igjen betre og betre kontroll, men like før pause i ekstraomgangane utnyttar heimelaget ein dødball til å gå i 3-2 leiing. Vi gjev aldri opp, men vi klarar liksom ikkje å komme til dei heilt store sjansane. Til slutt er det heimelaget som kan juble for sigeren.

Kommentar :

Vi hadde gjort ein særs grundig jobb inn mot denne kampen – nettopp fordi eg er heilt sikker på at mitt lag utan problem hadde klart seg godt i 1.divisjon. Vi hadde sett video av Byåsen og analysert deira svakhetar og styrkar og ikkje minst lagt ein kampplan for å stå best mogleg rusta. Difor såg vi mulighetane til å komme oss vidare til 3.runde, og å få ein fotballfest med Toppseriemotstand på heimebane. Vi var definitivt særs nære – og på bakgrunn av andreomgangen hadde det heller ikkje vore ufortjent. Møter ein gode lag har ein ikkje råd til enkle feil, vi gjorde eit par av dei og då bli ein hardt straffa. Uansett var dette først og fremst eit nytt bevis på at vi har ein god gjeng – eit godt lag !

Det er slik tøffe kampar ein lærer av, det er då ein får testa seg og utfordra seg både fysik og mentalt. Cupen er desserten, og vi ville veldig gjerne «smake» på ein endå betre dessert, men det vart berre nesten. No flyttar vi fokuset til lørdag, då er det klart for ny spennande og tøff kamp i serien.

Orkanger er motstandar på bortebane lørdag kl.13.00.

Magne