Gimletroll – FK Fortuna Ålesund

Dana Cup
Kvartfinale
27.07.

Etter å ha leika oss gjennom gruppespelet, so vart det cupdrama i kvartfinalen i kveld.

Slik starta vi i 4-2-3-1 :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord og Ida Kroken.
Mette Muri(K) og Stine Reite.
Kari Skovly, Vivian Saadi og Ingrid Vatne.
Malin Sunde.
Innbytte :
– 18 min : Vivian ut og Katarina Sunde inn.
– 32 min : Stine R og Ingrid ut og Vivian og Anna Fjørtoft inn.
– 40 min : Kari ut og Birgitte inn.

Mål :
– 1-0 4min. Ein corner havnar i returrommet og der bankar dei ballen i mål i hjørnet frå 17-18 meter.
– 1-1 7min. Ein corner frå Vivian der Malin går i duell og det blir litt “klabb og babb” før Cecilie set ballen i mål
på bakre stolpe.
– 1-2 9min. Vivian slår eit glimrande innlegg som Ingrid stige til værs og heddar i mål frå bakre stolpe.
– 2-2 15min. Gimletroll får lykketreff frå 20 meter, der ballen susar i mål heilt oppe i vinkelen.
– 2-3 47min. Ida blir felt på 25 meter. Malin viser sin spisskompetanse og dunkar frisparket i mål !

Kampen :
Det er nok litt nervar før pause i dag, og då Gimletroll skårar omtrent på dei to einaste gangane dei er nær målet
vårt, ja, då stig sjølvsagt stressnivået. Førsteomgangen vår er rotete, og vi er ikkje tydelege nok i spelet vårt
til å skape nok store sjansar.
Etter pause køyrer vi kampen totalt og har fleire gigantiske sjansar. To i stolpane, redning på strek osv.
Då vi fryktar straffekonk, so viser Malin sin spisskompetanse og skyt oss til himmels med sitt frispark 2 minutt før slutt.
Cup er cup og det er kun siger som tel !




Semifinalen mot Trondheims Ørn går på bane 4 kl.11.15 fredag føremiddag.
Den andre semifinalen går på same tid mellom Fortuna Hjørring og LSK kvinner.
Finalen går fredag kveld kl.20.30.

No gledar vi oss til semifinalen ! ?

Coach Magne