Arna – Bjørnar – FK Fortuna Ålesund

FINALE J19 NM – Telenor Arena

 

Det var endeleg klart for kvelden der Fortuna skulle matche seg mot det beste norsk damefotball
har av juniorjenter i fantastiske Telenor Arena.
Det var kvelden der vi kunne skape historie for klubben og heile Sunnmøre !

Tribune : Ca. 412 tilskodarar.
Dommar:  Karoline M. Jensen(Furuflaten IL).
Gule kort : To gule kort til AB.


Slik starta vi :
 4-3-3.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei (K), Helena Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Anna Fjørtoft, Malin Sunde, Ida Kroken
Kari Skovly, Vivian Saadi, Ingrid Vatne


Innbytte :

– 67min. Ingrid Vatne ut og Eva Hormazabal inn.

– 79min. Malin Sunde ut og Stine Reite inn.

– 86min. Anna Fjørtoft ut og Nora M. Ferstad inn.
  • Lisa Raknes ubenytta i finalen.
  • Birgitte Bjørlykhaug vart også NM-vinnar etter å ha spelt til og med 8-delsfinale
    for oss og skåra 2 NM-mål.

Mål :
– 1-0 8min. Emilie Nautnes.
– 1-1 24min. Kari Skovly.
– 1-2 26min. Vivian Saadi.

Kampen :

Vi startar kampen godt dei første 5-6 minutta, vi er aggressive og får eit par bra overgangar.
Mange duellar og at ingen av laga klarar å tilrive seg noko overtak pregar starten av kampen.
Etter 7 minuttar får vi eit skremmeskudd frå AB, som avsluttar like utanfor frå 16 meter.
Kun minuttet seinare så får vi oppleve Gossenjenta  og “vår” Emilie Nautnes på sit beste.
Etter ein AB overgang, så viser Emilie imponerande kraft, hurtighet og ferdighetar, då
ho kjem seg fri og bankar ballen i mål til leiing for AB.
Det neste kvarteret har vi store problemar. Vi heng ikkje nok saman defensivt, vi vinn ikkje nok duellar,
vi tek ikkje vare på ballen når vi vinn han og vi spelar med for lita tru på våre ferdighetar.
AB spelar med stort balltempo og set oss under press. I denne perioden skapar dei 2-3 store sjansar.
Heldigvis kan ting snu fort i fotball…..
Kari bestemme seg for å legge press på AB-forsvaret, og når feilen då kjem så er ho plutseleg i posisjon
til å setje ballen i mål åleine med keeper og det gjere ho, det står 1-1 på tavla i Telenor Arena.
Kun minuttet seinare er det klart for Vivian-magi ! Ho dreg seg fri fro 3 AB-spelarar og leverar ei
god avsluttning frå ca. 20 meter som susar i mål oppe under tverleggaren.
Kampen er no snudd og det som var eit AB-overtak jamnar seg no ut til å bli ein heilt jamn omgang
inn mot pause.
Mål pregar kampar og no spelar vi med større tur, vinne oftare duellane og er meir presise med ballen.
Til pause kan vi ta med oss ei særs deilig 2-1 leiing.
I pausa er vi offensive, jævla, offensive. Det handlar om justeringar i spelet vårt, men det handlar aller mest om
å ville mest, no er det kun GULL vi jaktar !
I andreomgangen er vi på frå start og leverar ein enorm laginnsats.
AB skapar lite, dei har vel 2 store målsjansar + nokre nestensjansar.
Det er vi som har flest og dei største sjansane i andreomgangen.
Ingrid får to god mulighetar, der spesielt den første kjem etter eit strålande angrep, der vi
kun blir hindra mål av ei strålande redning frå keeper på Ingrid si hedding.
Etter knappe 70 minutt er det Vivian som kjem til ein stor mulighet, men dessverre reddar AB
sin keeper igjen.
AB har ein del ball, men vi forsvarar oss strålande og det er vel i grunne kun når Emilie Nautnes
er i aksjon ved nokre høver at vi får trøbbel, ellers har vi veldig god defensiv kontroll.
Dei siste minuttane blir ulideleg spennande, men vi held unna og kan sleppe lause
all den vanvittige gleda vi har i kroppen over denne fortjente sigeren !
  • Vivian Saadi vart på NFF-banketten kåra til finalens beste spelar !
  • For cupsigeren fekk vi 30.000,- av NFF.
Kommentar :
Kor skal ein starte ? Vi har skapt historie, vi har vunne det første NM-gullet på
jentesida i Sunnmøre fotballkrets si historie.
Vi har vunne FK Fortuna Ålesund sitt første NM-gull og den udiskutabelt
største tittelen i klubben si historie. Prestasjonen er enorm !
Vi slår eit AB-lag der 6 jenter har hatt speletid i Toppserien i år, 4 av dei har spelt mykje
og 3 har spelt omtrent fast. 5 jenter er fast på aldersbestemte landslag.
Vi slår på papiret Norges beste juniorlag !
Tek ein med seg det som har skjedd før finalen dei siste 2 vekene, der vi opplevde tidens
nedtur i kvalifiseringa til 1.divisjon og at vi samstundes har hatt “halve” laget sengeliggane
med sjukdom i denne perioden, så seier det endå meir om prestasjonen både fysisk og mentalt.
Vi lykkast med kampstrategien, vi lykkast med dei vala vi måtte ta før kampen og ikkje minst
så har vi lykkast med å skape ei spelargruppe med den rette mentaliteten !
Eg er enormt stolt over supporterar, støtteapparat og sjølvsagt aller mest stolt over spelargruppa,
denne helga har vore magisk og vi har verkeleg fått betalt for den jobben vi har lagt ned i over 10 gode månadar i år.
For å summer opp suksessformelen, så handlar det om verdiane våre :
#samhold #vilje #kvalitet #engasjement
Desse verdiane har vi klart å gjere til avgjerande byggeklossar i det laget vi no har skapt.
Det var LAGET Fortuna som vann denne finalen, der samtlege spelarar leverte ein god kamp.
Eg håpar dette kan vere til motivasjon for alle fotballjenter på Sunnmøre, og ikkje minst håpar eg
at vi på Sunnmøre kan setje eit endå STERKARE fokus og trykk på jente og damefotballen i tida som kjem.
Ein stolt, glad, rørt og audmjuk trenar !
Magne