Det é dette vi leve for!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

 

SK Herd – FK Fortuna Ålesund

6.serierunde på AMFI Moa stadion.

Det var i dag klart for «slaget» om Ålesund !
I ein ekstremt viktig og prestisjefull kamp med ei fantastisk ramme.
Rundt 350 tilskodarar og strålande sol utgjorde kulissane.

Tribune : Ca. 350 tilskodarar.
Dommar : Zenun Murati, Giske IL.
Gule kort : Vivain Saadi.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Stine Reite
Kari Skovly, Vivain Saadi, Ingrid Vatne
Malin Sunde

Innbytte :
– 60min. Ingrid V ut og Ida Kroken inn.
– 80min. Stine R ut og Birgitte Bjørlykhaug inn.
– 83min. Vivian ut og Anna Fjørtoft inn.
– Helena Vattøy ubenytta i dag.

Slik kom måla :
– 0-1 42min. Vi køyrer ein overgang, spelar Vivian fri i mellomrommet, ho sleppe ballen ut til Ingrid V på kanten.
Vivian har fortsatt sitt løp inn i boksen, og når innlegget frå Vivian til slutt landar på 4-5 meter, so er på
plass og set ballen i mål.
– 1-1 50min. Etter ein duell nede på vår venstre side ved 16 meteren, so blir ballen spelt tilbake og på direkten får
Martine Ellefsen godt treff og skyt i mål i lengste hjørne frå ca. 20 meter.
– 1-2 60min. Vi spelar etablert opp på Malin, ho dreg seg fri og ser Kari skjere inn frå sin venstrekant. Kari får ballen,
går mot linja og slår på tvers til Vivian som berre kan breiside ballen i mål frå 6-7 meter.
2-2 75min.
– 2-2 75min. Vi har utspark, vi går ikkje på andreball, vi er feilposisjonerte og visp so er
Herdspiss Julia åleine med Marthe og set inn 2-2.
– 2-3 82min. Vi spelar opp på Malin som legg igjen til Vivian, som dreg seg inn i bana og bestemme
seg for å «gå for det» og sender avgårde eit skudd frå 25 meter som susar i mål over Herd sin keeper.

Kampen :
For eit lokaloppgjer det vart med ei fantastisk ramme på Amfi Moa stadion !
I førsteomgangen i dag er knapt heimelaget over midtbana, vi trykke til, stenge dei av og gjenvinne
ballen høgt gang på gang. Spesielt den først halvtime er trykket enormt, noko 10 cornerar
fortel alt om. Vi skapar dødballar, nesten sjansar, og nokre store målsjansar(4-5) på løpande bånd.
Før pause bør vi ha avgjort og punktert denne kampen !
Som alltid i fotball, uansett kor overlegen ein er, så vil motstandarlaget får ein sjanse eller to….
Det får også Herd, og sjansen etter ca. 30 minutt er enorm, men frå litt skrått, men kort hald, så reddar
Marthe strålande frå Herd-spissen.
Vi prata mykje om tolmodighet før kampen i dag, tolmodige var vi og rett før pause får vi ein
vanvittig fortjent leiing med oss inn i garderoba.
Det var klasseskilnad på laga i denne omgangen, der Fortunadominansen var enorm.

Stemninga i pausa er god, fokusert og målretta, dette skal vi ta med oss heim !

I andreomgangen er Herd meir med på notane, ikkje fordi dei på nokon som helst måte klarar å etablere noko særleg spel,
men dei stenge oss av høgare i bana og so dunkar Herd-keeperen ballen so langt ho klare kvar gang ho har den opp mot ein rask spiss…..
Herd utlinknar både 1-0 og 2-1 leiinga vår, og med ein tøff kamp i beina onsdag, so må eg berre innrømme at eg byrja å tvile….
Igjen sleppe vi inn særs lette mål, og spesielt 2-2 målet på vårt eige utspark, er alt for lettkjøpt.
Vi merkar nok den sterke varmen og ein kamp i beina onsdag, noko som gjere at vi ofte blir litt for upresise.
Vi gjere gode og viktige bytter, som bidreg til ekstra energi inn i laget, og so har vi ikkje minst Vivian i dag.
For når desperasjonen kansje byrjar å bre seg litt i heite toppar, så bestemme ho seg for at ho vil ha sitt tredje mål og sende avgårde eit skudd som sender oss til himmels. Vi har igjen gått opp i leiinga !
Dei siste 10 minutta er rotete, nokre unødvendige dødballar i mot, men ellers klarar vi å behalde roa og vinne kampen !
Då fløytesignalet går, er jubelscenene enorme og magiske i Fortunaleiren.

 

Kaptein Mette om kampen :
«Enveiskjøring i 1.omgang, hvor vi har ballen 90/10.
Jevnere i 2.omgang, men Fortuna klart best da å! Alt i alt en solid og vanvittig fortjent seier 😊

 

 


Kommentaren :
Ein skal alltid vere forsiktig med å bruke for store ord og blir historielause, men dette er utan tvil ein av
klubbens viktigaste sigrar noko gang, vil eg meine !
Vi måtte vise at vi er det desidert beste damelaget på Sunnmøre, og vi måtte
ha 3 poeng for at opprykksdraumen skulle leve vidare. Jentene leverte på begge desse punkta,
sjølv om resultatet ikkje gjev noko «rett bilde » av kampen.
Vi var pressa etter å ha tapt borte mot Tynset, vi skulle inn i 3 kampar på 6 dagar som ville definere sesongen vår.
Jentene har vist ein enorm mentalitet, først banka dei Byåsen 2 forrige søndag, so valsa vi over Molde onsdag og til slutt etter
vår 3 kamp på 6 dagar so sikra vi oss 3 ufatteleg viktige poeng i eit tøft lokaloppgjer. Dette har vi gjort med Norges minste spelartropp !
Det har sikkert våre betre Fortuna-årgangar enn årets, men i forhold til metaliteten, kulturen vi bygge og ikkje minst samhaldet i gruppa, so kan eg garantere at der er denne gjengen heilt i toppklasse !
Desse jentene elskar Fortuna, dei blør for drakta og å sjå kor mykje ein slik siger betyr
for jentene i garderoba etter kampslutt, kan ikkje gjere ein noko anna enn ufatteleg stolt som trenar !
For å avslutte med kaptein Mette sine ord i garderoba etter kampen og som kansje har det aller største Fortunahjerte av alle :
«Det er dette vi leve for» !

I dag vil eg hylle laginnsatsen og so kan ein sjølvsagt ikkje komme utanom vårt unikium både på og utan for bana, Vivian Saadi.
Tre mål, hattrick, matchvinnar, ord blir overflødige 🙂

#samhold #vilje #kvalitet #engasjement

Sportsleg helsing
Magne Elde

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!