Onsdag 7.august kl.18.30 er det klart for 3.runde NM Kvinner på Aksla stadion.
Her skal du få all info du treng om Vålerenga.
Vålerenga ligg på 4.plass i Toppserien, 6 poeng bak serieleiar LSK Kvinner.
Høstsesongen opna dei med 1-1 i toppkamp mot Sandviken, før dei søndag banka
Røa heile 6-2 på bortebane.
Forrige onsdag spelte Vålerenga treningskamp mot Manchester United på heimebane
og vann heile 5-1 framfor 7124 tilskodarar. Les om den kampen her :
http://vif-damefotball.no/2019/08/01/jubelscener-mot-manchester-united/

I sommar har klubben henta inn to nye landslagsspelarar i Dejana Stefanovic(Serbia) og
Rikke Marie Madsen(Danmark). Begge har alt markert seg for klubben.
Lagets største stjerne er utan tvil kaptein Sherida Spitze. Den Nederlandske landslagsspelaren
var svært sentral for landet sitt i VM i sommar, der dei til slutt tapte VM-finalen.
Spitze var ikkje den einaste Vålerengaspelaren som spelte i VM, det gjorde også den meget målfarlege
spissen frå Kamerun Ajara Nchout Njoya.

Vålerenga hade ingen spelarar med i den norske VM-troppen i sommar, men Celin Bizet Ildhusøy var fast
i start 11àren til det norske J19 landslaget som spelte EM i sommar.

Her kan du sjå heile spelartroppen til Vålerenga.
Kva topp dei kjem med til Ålesund er endå ikkje avklart.

SpillereDrakt nr.
Guro Pettersen1
Ingrid Søndenå3
Stine Pettersen Reinås4
Andrine Tomter5
Jenna May Dear7
Sherida Spitse8
Synne Sofie Christiansen11
Victoria Ludvigsen10
Tina Dalgård14
Mia Rostad Huse15
Ingrid Schjelderup16
Maren Eithun Hauge17
Celin Bizet Ildhusøy18
Kine Fløtre19
Marie Dølvik Markussen20
Emilie Libakken Østerås21
Stine Ballisager Pedersen23
Ajara Nchout Njoya33
Maruschka Waldus6
Svanhild Sand2
Natasha Dowie9
Sara Nilssen Kilen40
Tine Celine England Karstensen24
Rikke Marie Madsen26
Dejana Stefanovic22
Hannah Seabert32
  

Vålerenga damer har ein klar ambisjon om å bli best i Norge og ta steget ut i Europa også på damesida.
Dette viser dei med ei tøff satsing og med å hente fleire klassespelarar frå utlandet. 
Ingen damelag i Norge har større budsjett enn Vålerenga i 2019.
etter sommarens signeringa og prestasjonar den siste tida, 
så er vi ganske sikre på at det er for tida Norges beste damelag du får sjå i aksjon på Aksla.

Viste du at ?

  • Forrige gang laga møtte kvar andre i kamp var i 3. runde NM kvinner i 2013.
    Då vann Vålerenga 5-1(2-1) i Sparebanken Møre Arena, etter at Fortuna leia 1-0
    etter skåring av Angelica Vattøy i kampens første minutt. 
    Ingen spelarar i dagens Fortunatropp spelte denne kampen, men kaptein Mette O. Muri sat på benken.

  • Vålerenga sin trenar er Monica Knudsen som har vunne fleire seriegull med LSK Kvinner. 
    Monica var trenar for LSK kvinner då Fortuna møtte dei til NM 2.runde i 2017.
    Kampen endå då med 7-0 siger til LSK kvinner. 

  • Vålerenga slo 2.divisjonslaget Raufoss 6-0 på bortebane i forrige runde.

Sjekk gjerne ut klubben si nettside for siste informasjon på : http://vif-damefotball.no

Vi håpar alle som er glade i fotball og som vil sjå Fortunadamene kjempe mot verdensklassespelarar tek turen til Aksla stadion onsdag.

😊

Velkommen på kamp 

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund