FK Fortuna Ålesund – KIL/Hemne
5.serierunde Color Line Stadion 26.05.18

Som forventa på førehand, så vart det ein tett, tøff og intens fotballkamp
mellom divisjonens to beste lag. Dessverre skulle det også bli
litt for mykje dramatikk.

Resultat : 1-1(0-0).
Gule kort : Mette O. Muri og Ida Kroken 2 gule=rødt
Tribune : Ca. 200 tilskodarar.
Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Ingrid Vatne
Katarina Sunde
Innbytte :
– 70min. Camilla ut og Kari Skovly inn.
– 75min. Ingrid ut og Vivian Saadi inn.

Mål :
-1-0 49min. Først blir Katarina spelt igjennom åleine med keeper. Ho blir takla i siste sekund.
Ballen går heilt opp til Nora på midtstreken, ho spelar til Ingrid på venstrekanten.
Ingrid utfordrar backen, kjem forbi og svingar innlegg som Katarina kjem på frå første
stolpe og på volley set strålande over keeper frå 5-6 meter.

-1-1 90(+4)min. Mette har ballen på ca. 25 meter. Ein K/H spelar går i ryggen på ho,
tek brytetak og dreg Mette i bakken. Ufatteleg nok ser ikkje dommaren dette, ballen
blir etter litt fram og tilbake spelt ut mot venstre og eit innlegg blir hedda i mål frå 6-7 meter.

Kampen :
Jentene er tydeleg på frå start, noko som gjere at vi tek tak i matchen direkte.
Spesielt dei første 25 minutta er vi meget gode og det klart beste laget.
Den første store målsjansen kjem etter 11 minuttar, då Katarina er fri åleine mot keeper men litt skrått
hald, og avslutninga hennar frå god posisjon går utanfor lengste stolpe.
Vi fortsette å styre og trykke i denne perioden, har hatt 6 cornerar før det er spelt,
Skapt 2-3 nesten sjansar og får ein ny stor sjanse etter 17 minutta, då Cecilie si avsluttning frå god
posisjon blir blokkert. Siste delen av omgangen jamnar seg meir ut, K/H kjem høgare i bana og
vi blir litt for ofte upresise med ball.
Omgangens einaste store sjanse for K/H kjem etter 35 spelte minutt, då spissen blir stussa igjennom
åleine med press frå Cecilie og litt skrått, så reddar Marte solid.
Førsteomgangen ebbar til slutt ut med eit greit 0-0 resultat.

I pausa blir vi einige om å ta tak i kampen igjen !

Som sagt så gjort, for det er nettopp det som skjer og det skal kun gå vel 4 minuttar før vi
på vår andre store sjanse i omgangen set inn 1-0 leiinga etter Katarina sitt 11. seriemål.
Kun eit par minuttar etter vår leiing får K/H ein enorm mulighet til å utlikne, då dei svingar
inn ein andreball etter corner som treffe tverrleggaren og fell i beine på ein K/H spelar som set
ballen utanfor mål heilt upressa på bakre stolpe.
Dei neste 15 minuttane er vi det beste laget, har god kontroll defensivt og skapar nokre nesten mulighetar offensivt.
I kampens 65.minutt endra sjølvsagt kampen litt karakter, då vi får rødt kort på Ida.
No handlar det om å forsvare seg og ta dei mulighetane vi får offensivt for å avgjere kampen.
Mulighetane skulle då så absolutt komme. I det 78. min. får Mette ein gigantisk mulighet på 6 meter
etter corner, men set ballen over.
Sjølv om K/H har mest ball no, skapar dei ikkje veldig mykje offensivt. Utanom ein bra mulighet
på bakre stolpe i det 80.minutt, så har vi stort sett kontroll.
Vi får ein ny stor mulighet til å punktere kampen i det 88.minutt, då Vivian dreg seg inn i feltet
men avsluttninga frå 6 meter stryke like over krysset.
På overtid blir det verkeleg dramatisk !
Først går eit K/H skudd i tverrleggaren, før kampen blir avgjort i kampens siste minutt
etter at vi blir snytt for eit soleklart frispark i forkant.
Med dette enda rein tett og tøff kamp uavgjort, som totalt sett begge laga leve godt med vidare.

Kaptein Mette om kampen :
En jevn og tettspilt første omgang, men vi er likevel det beste laget og skaper flest sjanser. Andre omgang blir den omgangen alt skjer!
Vi går fortjent opp i ledelsen tidlig og styrer kampen helt til vi får det røde kortet. Derfra blir det en forsvarskamp for oss, med mye løping og kriging.
Det føles derfor så utrolig urettferdig når KH utligner på overtid.
Uansett utrolig stolt over den laginnsatsen vi legger ned i dag og jeg lover vi kommer sterkere tilbake!

Trenarkommentar :
Dette var frykteleg bittert !
Å tape 2 viktige poeng mot vår største konkurrent over 4 minuttar på overtid,
det gjorde at spelargruppa var særs frustrerte og skuffa.
Vi kan sjølvsagt skylde på dommaren, han si avgjerd i situasjonen på skåringa er sjølvsagt avgjerande for at det vart 1-1.
Likevel må vi berre ta lærdom av våre feil og sørge for å handtere ein slik situasjon endå betre neste gang.
Periodevis er kampen i går årsbeste og 11 mot 11 er eg sikker på at vi hadde vunne denne kampen.
Samstundes er K/H eit godt lag og har ein del sterke kvalitetar.

Uansett – vi evaluerar, løftar blikket og ser framover !
Onsdag skal vi lag frustrasjonen gå utover Byåsen i NM – vi vil til 3.runde ?

Magne