Kyrksæterøra og den nye fantastisk Sodvinhallen,
har denne helga vore staden for dei siste treningskampane for Fortuna i oppkøyringa til sesongen 2019.
Det var vore spelt to kampar, der spørsmåla nok er fleire enn svara ei veke før seriestart.

KIL/Hemne – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp 30.03.
2 x 45min.

Resultat : 1-0(1-0).
Gule kort : Ingen.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Vilde Kroken, Kristine Gulbrandsen
Oda Tennfjord og Nora M. Ferstad
Kari Skovly, Martine A. Olsen, Ingrid Vatne
Anna Brenne
Innbytte :
-53min. Oda ut og Sanna Aslaksen inn.
-75 min. Martine ut og Daniela D. Gudnadottir inn.

Mål :
-1-0 39min. Først missar vi ballen enkelt ved midtstreken og blir kontra på.
Det ser ut som vi skal få kontroll, men ein ny klarering frå oss blir fanga opp av KH
og spelt ut på kant. Kantspelaren kjem seg fri inn i feltet og dunkar ballen i mål i lengste hjørne.

Kort om kampen :
Ein jamnspelt fotballkamp, der heimelaget skapar flest og dei klaraste store målsjansane.
Vi er nok ikkje heilt oppe på eit maksnivå, men prestasjonen er heilt ok, verken meir eller mindre.
Ein fortjent siger til KIL/Hemne.

Strindheim – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp 31.03.
2 x 30 min.

Resultat : 2-0(1-0).
Gule kort : Ingen.

Slik starta vi : 1-4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Mette O. Muri(K), Ellijanne Andersson, Kristine Gulbrandsen
Vilde og Nora M. Ferstad
Daniela D. Gudnadottir, Ingrid Vatne, Kari Skovly
Anna Brenne
Innbytte :
-30min. Stine ut og Sanna Aslaksen inn.
-30 min. Nora M. Ferstad ut og Martine A. Olsen inn.

Mål :
-1-0 7min. Vi spelarar på oss balltap, blir kontra på og åleine med keeper skårar Strindheim.
-2-0 52min. Vi mistra ballen lavt i bana, Strindheim kjem til eit innlegg som spissen er først på
og set kontant i Fortunamålet.

Kort om kampen :
Årets svakaste kamp av oss, i den siste kampen før seriestarten.
Vi gjev vekk fleire store målsjansar, samstundes som vi sjølve ikkje maktar å utnytte
nokre enorme målsjansar vi har sjølve. Uansett, her mangla det meste.
Vi må berre innrømme at vi tapar fortjent totalt sett.

Kaptein Mette om helga :
Det var ikke slik vi håpte denne helgen skulle bli, og enda kjedeligere er det at det var den siste testen før vi skal begynne å spille om poeng.
I kampene blir vi for unøyaktige og tar ofte feil valg, samtidig som vi mangler råskap i begge boksene.
Nå har vi ei uke på å legge kampene bak oss, jobbe steinhardt på hver eneste trening og sørge for at vi viser oss fra en bedre side neste helg.
Det vet jeg at vi kan og skal gjøre !

Trenarkommentar :
Etter positive kampar i det siste og klare framgangar, så var det klare steg tilbake på utviklingsstigen denne helga.
Kampen mot K/H lørdag er ok, medan kampen mot Strindheim søndag er langt under akseptabel standar.
Den siste veka inn mot seriestarten må brukast godt. Vi må trene med kvalitet og få fram overskotet i gruppa.
Samstundes må vi få på plass ein god kamp-plan, og ikkje minst sørge for at vi saman klarar å setje den ut i praksis
på den beste måten. Det har eg stor tru på at vi skal klare !

Ser ein på motstandaren Herd, så har dei hatt ei meget sterk oppkøyring.
7 dagar før lokaloppgjer og seriestart, så kan det ikkje vere noko tvil om at heimelaget går
inn i serieopninga som favorittar.
Vi er i utfordrarposisjon – ein posisjon vi likar !

SERIESTARTEN går mot Herd på Amfi Moa Stadin søndag 7.april kl.14.30.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund