Molde – FK Fortuna Ålesund

8.serierunde 2.divisjon.

Det var klart for toppoppgjer og ein særs viktig kamp på Aker stadion fredag kveld.
Siger ville vore magisk, tap “katastrofe” og uavgjort fullt til å leve med for oss.

Tribune : Ca. 130 tilskodarar. Godt over 30 av dei var Fortunasupporterar ?
Dommar: Arnt Ivar Dale, Malmefjord IL.
Gule kort : Vivian Saadi, Oda Tennfjord og Malin Sunde + Iselin B. Krohn for Molde.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Stine Reite
Kari Skovly, Vivain Saadi, Ida Kroken
Malin Sunde
Innbytte :
– 70min. Oda ut og Anna Fjørtoft inn.
– 80min. Ida og Vivian ut og Birgitte og Camilla inn.

Kampen :
Som forventa so vart det ein intensiv, tett og tøff kamp i Molde.
Ein skal leite godt for å finne dei heilt klare store målsjansane, og etter å ha sett videoen frå
kampen kan ein vel seie at begge lag hadde ein stor sjanse kvar og nokre nesten sjansar.
Følelsen min under og etter kampen var ikkje den beste, eg synst ikkje vi klarar å komme opp mot
vårt beste nivå. Defensivt er vi stort sett meget solide og slepp for første gang i år ikkje inn baklengsmål
i ein offisiell kamp. Det er meget bra, mot ein god motstandar !
Offensivt manglar vi ro med ball i ein del situasjonar, og den ekstra energien som må til for å spele
feiande flott angrepsfotball.
Det stod ekstremt mykje på spel i denne kampen, kansje prega det oss ?

 

 

Å finne balansen mellom det trygge og sikre, samstundes som ein tørr å sleppe seg laust offensivt
er vanskeleg når det står mykje på spel.
Etter å ha studert kampen på video i dag, so er eg mykje meir nøgd med det vi leverte.
Vi er det beste laget i kampen spelemessig og leverar ein sterk kamp defensivt.
Samstundes møter vi eit Molde-lag som løftar seg stort frå forrige oppgjer(NM19), og dei er tydeleg gira på å
ofre alt for å gjere ting vanskeleg for oss.
Eg synst vi er best, men det er tett, so denne kampen kunne bikka fordel begge laga, slik sett er vel
eit uavgjort resultat eit greit og rettferdig resultat.
Eg håpa og trudde sterkt på siger før kampen i går, difor vart det ein tung kveld og natt med “kun” uavgjort.
Då gjorde det godt å få sett videoen i dag og få løfta inntrykket etter kampen.
Med dette uavgjort resultatet i denne kampen ligg alt til rette for ein tett og dramatisk høst.
Eg påstod før kampen at dette var ein slags eksamen. Konklusjonen då er at det ikkje vart ein toppkarakter, men utan tvil
leverte jentene til bestått ?

Søndag 1.oktober i den nest siste serierunda er det klart for returoppgjeret, eg blir ikkje overraska om det kan
bli ein rein seriefinale !
Skal ein gje nokre ei ekstra stjerne i boka etter denne kampen, der laginnsatsen er solid, so blir det slik :
– Stine M. er botnsolid på backen og gjer sin beste kamp for sesongen.
– Oda tek ansvar og gjer sin beste kamp for året i midtforsvaret.
– Marthe er botnsolid i alt ho gjere i målet i denne kampen
– Anna kjem inn siste gode 20 minutta og bidreg med energi inn i laget, og med fleire gode involveringar.

 

Vel å merke seg :
Molde spelar 7 av sine siste 10 seriekampar på bortebane(kun 3 igjen heime).
Fortuna spelar 6 av sine siste 10 seriekampar på heimebane(kun 4 igjen borte), og 4 av dei 5 neste er på heimebane.

Camilla Smith-Nilsen spelte sine første minutt sidan ankelskaden mot Tynset 13.mai.
Siste seriekampen før ferien går heime på Aksla neste lørdag 24.juni kl.14.00.

Sportsleg helsing:
Magne