FK Fortuna Ålesund – Vålerenga
3.NM Kvinner 07.08. Aksla stadion.

Vi hadde håpa på mykje folk og ein spennande cupkamp på Aksla onsdag kveld, men dette vart neste betre enn vi hadde våga å drømme om både på og utanfor bana.

Resultat : 1-3(1-1).
Gule kort : Cecilie Otterlei(Fortuna) og Maren Hauge(VIF).
Dommar : Tove Marie Tandstad, Velledalen og Ringen FL.
Tribune : 839 tilskodarar.

Mål :
-1-0 30min. Vi prøver å stenge Vålerenga høgt i bana. På 5 meterutsparket missar Enga-backen ballen og Agata er på plass. Ho set full fart framover, spelar vegg med Mette og fossar inn i 16 meteren, før ho svingar ballen hardt langs bakken mot bakre stolpe der Kari kjem susande og set ballen i mål frå kort hald.
1-1 33min. Eit Vålerenga innlegg sprett i bakken og opp i handa på Ellijanne. Dommaren seier straffespark. Vi er totalt ueinige, det bryr Natasha Dowie seg lite om og set straffa sikkert i mål.
-1-2 80min. Vi er ikkje heilt med på eit Vålerenga-innkast, og då får Spitze tid og plass til å prikke Dowie i vår boks mellom forsvaret og keeper.
-1-3 82min. Igne kjem det eit innlegg i vår boks der vi denne gangen blir ball-watching og då er Dowie igjen på plass og fritt får hedde inn sitt 3. mål for dagen.

Slik starta vi : 1-4-5-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Stine M. Reite, Ellijanne Anderson
Mette O. Muri(K), Oda S. Tennfjord, Agata Droździk
Kari Skovly, Anna Brenne, Solveig Engås

Innbytte :
-65min. Oda ut og Amalie E. Sandvik inn.
-75min. Kari ut og Daniela Dögg Gudnadottir inn.
-85min. Ellijanne ut og Vilde S. Kroken inn.

Cecilie spelte sin kamp nr. 100 for Fortuna Ålesund !

Kampen :
Det blir ein tett og intensiv førsteomgang med ei enorm stemning på tribuna på Aksla.
Sjølv om bortelaget har mykje ball, som forventa, så skapar dei ikkje ein einaste skikkeleg målsjanse på oss i løpet av førsteomgangen.
Fortunajentene føl kampplanen til punkt og prikke og jobbar ekstremt hardt. Til tross for hard forsvarsjobbing, så har vi krefter til nokre meget farlege overgangar og det er ikkje mykje om å gjere at vi kunne skapt det heilt store ved eit par høver. I det klokka passerar 30 spelte minuttar, så skjer det heilt store ! Trioen Agata, Mette og Kari vartar opp med klasseinnvolveringar og set opp ei fantastisk skåring til oss !
Dessverre skulle Vålerenga slå tilbake etter kun eit par minuttar, etter at det etter vårt syn vart tildelt eit særs billig straffespark på ein totalt ufrivillig hands i feltet.
Sjølv om Vålerenga utliknar, så fortsette vi med ein imponerande lagmoral og får med oss eit heilt fortjent 1-1 resultat inn i pausepraten.
I pausa er sjølvsagt stemninga god, vi jobbar med taktiske justeringar og ikkje minst har heile gjengen ei stor tru på at vi faktisk kan skape tidenes cupbombe.

Andreomgangen startar mykje likt dei første 45 minuttane, vi har ekstremt bra defensiv kontroll.
Til slutt har ikkje Vålerengatrenar Knudsen noko valg – «Spitze make you ready» er den klare beskjeden i det klokka byrjar å nærme seg 60 spelte minuttar.
Spitze er også involvert i Vålerenga sin første store målsjanse etter vel 60 spelte minuttar, men avslutninga til Iildhusøy går like utanfor.
Vi fortsetter å forsvare oss strålande, samstundes som vi får våre overgangar inn i mellom.
I det 76.minutt vinne vi ball lavt i bana og køyrer kontring. Agata kjem seg til slutt fri inne på Enga sin halvdel og trer igjennom Anna, som har muligheten til å komme seg åleine med keeper. Offside seier dommartrioen – feil seier videobildene. Det handlar ofte om marginar, og tenk om, dersom , atte også vidare…..
Til slutt så er det klassen til Vålerenga sine stjernespelarar som avgjere kampen med to kjappe mål i det 80. og 82. minutt.
Fortuna kjempar heroisk heile vegen ut, men må til slutt innsjå at ein fantastisk prestasjon endå med eit heltemodig forsøk.

Kaptein Mette om kampen :
For en kamp og for et lag!
Vi møter et av Norges beste fotballag og vi kjemper og kriger gjennom 90 minutter.
Vi er lojale til kampplanen, stenger de rommene vi må stenge og tar de overgangsmulighetene som vi får.
Vi holdt de til 80 spilte minutt og det er noe å ta med seg.
Er utrolig stolt over den innsatsen jentene legger ned og tar vi med oss dette, vil vi få en god høstsesong.
Jeg også takke til alle de som kom for å støtte oss og virkelig heiet oss frem – en fantastisk støtte !

Trenarkommentar :
I tillegg til ein klar og tydeleg kampplan, så var fokuset GLEDE, VILJE og TRU inn mot denne kampen mot for tidas Norges beste damelag.
Realistisk sett skulle vi ikkje ha ein sjanse, dei alle fleste trudde nok på «bank», men denne Fortunagjengen ville vise seg frå si beste side framfor eit rekordstort Aksla-publikum.
Kampen i går var først og fremst eit resultat av ein meget god treningssommar, ein god kampplan og ei strålande gjennomføring.
Eg sa det før kampen, litt på tull, men også med litt håp og tru – vi skulle «tvinge» Spitze på bana, det klarte vi !
Sjølvsagt er ein litt bitter for at det ikkje holdt heile vegen inn, men aller mest er eg ekstremt stolt over prestasjonen vi leverte denne kvelden.
Dette gjev oss mykje tru, motivasjon og ikkje minst mykje inspirasjon til å fortsette den harde jobben utover høsten for å vinne serien.

Ein skal alltid vere forsiktig med å samanlikne ting, men at dette går inn i histora som ein av dei store dagane for damefotballen på Sunnmøre kan det ikkje vere noko tvil om.
Då tenker eg sett i forhold til motstandaren, til den sportslege prestasjonen og ikkje minst i forhold til ramma rundt kampen og publikumsoppmøte.
Til tider var lydnivået so høgt blant publikum og spesielt jentene som deltok i «jubelkonkurransen», at det var vanskeleg å nå fram med kommunikasjonen mellom spelarar og trenarbenkane.
Ein fantastisk god følelse i dag skal vi nyte, før vi flyttar fokuset inn mot nye og spennande oppgåver.
Lørdag startar serien med byderby, det veit vi alltid blir tøft og intenst – vi gledar oss !

Kommande lørdag 10.08 er det klart for høstsesongens første seriekamp. Då er det klart for byderby mot Herd kl.14.00 på Aksla – møt opp 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund