Før kampen SK Herd – FK Fortuna Ålesund

Den siste treningsøkta er gjennomført og ei lang oppkøyring er over.
No er treningar og treningskampar historie, no skal det endeleg spelast
om å vinne, om å unngå å tape – det skal spelast om poeng !

For første gang på lenge, ja, veldig lenge, så har vi ein spelatropp der samtlege spelarar
er disponible og speleklare.
Vi stiller med desse 16 spelarane i troppen :
Marthe Bjørhovde, Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Mette O. Muri, Kristine Gulbrandsen,
Daniela D. Gudnadottir, Ellijanne Andersson, Vilde Kroken, Stine Reite, Martine A. Olsen,
Oda S. Tennfjord, Nora F. Myklebust, Solveig Engås, Ingrid Vatne, Kari Skovly og Anna Brenne.

Etter ei oppkøyring med litt skadetrøbbel og varierande resultat, så har vi no lagt bak oss ei
god treningsveke. Vi har fått samla litt overskudd og fått gjort gode førebuingar.
Vi forventar oss eit tett og spennande oppgjer, der vi håpar og trur på at vi skal ta med oss
3 poeng til slutt !

Resultat treningskampar Fortuna :

  • Fortuna – Molde 5-4.
  • Fortuna – Træff 4-0.
  • Grei – Fortuna 5-0.
  • Kongsvinger – Fortuna 3-2.
  • Kaupanger – Fortuna 0-1.
  • KIL/Hemne – Fortuna 1-0.
  • Strindheim – Fortuna 2-0.

Resultat treningskampar Herd :

  • Kaupanger – Herd 0-1.
  • Molde – Herd 2-1.
  • Byåsen – Herd 2-2.
  • Strindheim – Herd 2-5.
  • KIL/Hemne – Herd 1-2.

Fortuna og Herd har møtt kvar andre fire gangar i seriespelet,
det har enda med 4 sigrar til Fortuna.
2017 : Herd – Fortuna 2-3.
2017 : Fortuna – Herd 2-0.
2018 : Fortuna – Herd 2-1.
2018 : Herd – Fortuna 0-1.

I Herd sitt tablletips, der alle trenarane har satt opp sin tabell, så er Fortuna tippa
på 3.plass og Herd på 5.plass i 2.divisjon. Les heile saka her :
her

Vi håpar mange tek turen til Amfi Moa stadion og bidreg til å skape ei god ramme
rundt kampen som har avspark kl.14.30.

Kan du ikkje ta turen på stadion så kan du følge SMP.no si direkte sending her :
www.smp.no

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund