FK Fortuna Ålesund – Innstranda IL
Kvalifisering 1.divisjon, Aksla stadion 21.10.18.

Det var klart for første kamp i kvalifiseringa til 1.divisjon damer.
Igjen var Akslamatta i flott forfatning, sjølv om regnet som kom
utover i kampen gjorde forholda litt tunge og utfordrande etter kvart.

Resultat : 2-0(1-0).
Gule kort : Ingrid Vatne.
Dommar : Torgeir Halsen, Vanylven FK.
Tribune : Ca. 120 tilskodarar.

Slik starta vi : 3-4-1-2.
Josefine Ervik
Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Kari Skovly, Mette O. Muri(K) og Ida Kroken, Ingrid Vatne
Nora M. Ferstad
Vivian Saadi, Solveig Engås

Innbytte :
-67 min. Kari ut og Stine Reite inn.
-82min. ut og Henrikke Nørve inn.

Viste du at ?
På dei to siste sesongane med Aksla som heimebane, så har vi ikkje
tapt ein seriekamp. På 16 spelte kampar i serien på Aksla har vi 14 sigrar
og to uavgjorte og ein målskilnad på 68-10 !

Mål :
-1-0 7min. Vi kombinerar fint nede på vår høgre side, der Nora til slutt spelar til
Kari som kjem seg fri nede ved dørlinja. Ho slår eit hardt innlegg på første stolpe,
der Vivian kastar seg fram og set ballen i stolpen, før den rullar ut til Nora på ca. 10 meter
som avsluttar i mål i hjørnet.

-2-0 84min. Kristine kastar i beina på Henrikke heilt nede ved hjørneflagget.
Ho legge fint igjen til Kristine som svingar inn eit strålande innlegg, der Solveig
stig til værs på 7-8 meter og heddar strålande i mål.

Kampen :
Vi startar kampen strålande i dag, og går rett i «strupen» på bortelaget.
Alt etter kun 3 minutt får vi ein stor sjanse, men Solveig si avslutning blir redda.
Heldigvis får vi draumeopninga på matchen, då Nora sender oss i 1-0 leiing etter kun
7 spelte minutt. Etter skåringa ser det ut som vi blir litt stressa, når bortelaget prøvar
å gå høgare på oss. Det betyr at vi spelar på oss nokre unødvendige brudd, og gjev frå oss
litt av iniativet i kampen. Etter kvart kjem vi meir på sporet igjen, og får kontroll
på kampen. 5-0 i store målsjansar til oss etter førsteomgangen, burde helst gjeve eit mål
eller to til i protokollen til oss.

I andreomgang startar vi igjen med ein gigantisk målsjanse for oss, då Vivian blir spelt åleine
med keeper, men set dessverre avslutninga like utanfor mål.
Resten av omgangen har vi iniativet i, men vi vel for ofte feil løysingar og er alt for upresise med ballen.
Vi har nokre store målsjansar, men det blir ikkje ro i rekkene før Solveig set 2-0 med eit flott
hodestøt nokre minuttar før slutt.
Innstranda er heller ikkje ufarlege på nokre overgangar i andreomgangen i dag, og får eit par
store sjansar som dei ikkje utnyttar.
Alt i alt er det ikkje tvil om at det er ein fortjent heimesiger, sjølv om bortelaget kunne snytt oss
for sigeren på stillinga 1-0.

Kaptein Mette om kampen :
Vi trykke til fra start og skaper en del store målsjanser i første omgang som vi burde hatt bedre uttelling på.
Spillemessig er vi litt mer ujevn i dag, der vi sliter med mottak og enkle pasninger.
Likevel kriger vi kampen gjennom og drar i land en meget viktig, fortjent og deilig seier.
Nå gjenstår det kun en kamp av sesongen, og vi e klare for å virkelig gi alt og sørge for at vi spiller en divisjon over neste sesong !

Trenarkommentar :
Då er ein av to «cupfinalar» spelte, vi har teke oss eit steg nærmare draumen om opprykk.
No gjenstår det siste tøffe hinderet, Snøgg på bortebane neste helg.
Ja, det er nok heilt sikkert ting vi kunne gjort betre i dag, det trur eg vi alle er einige om,
samstundes møter vi eit bra Innstranda i dag, som knapt har tapt ein kamp i år og
blant anna slått 1.div. laget Medkila ut av NM-damer.
Sjølv om vi ikkje lykkast med alt i dag, så synst eg likevel vi har ein god energi i laget og jobbar
hardt på ei etter kvart tung og våt Akslamatte.
Uansett er det viktigaste å vinne og den jobben gjorde vi i dag !

No skal vi bruke den neste veka godt, gjere dei nødvendige justeringane og ikkje minst
skape energi og glede inn mot årets siste og avgjerande kamp.

Vi skal gjere vårt beste, noko meir kan ein ikkje forlange !

Det er då klart at vi spelar neste kamp mot Snøgg i Notodden.
Kampen går i Notodden neste laurdag 27.10.kl.12.30.
Vinne Fortuna denne kampen, så er vi klare for opprykk.
Vinne Snøgg eller kampen endar uavgjort, så spelar Innstranden
heime mot Snøgg helga etter på.

Magne