Kil/Hemne – FK Fortuna Ålesund
Treningskamp Sparebank Hemne Arena 10.02.18

5 veker inn i sesongoppkøyringa tok vi turen til Kyrksæterøra for å få god matching mot eit heimelag som spelte 1.divisjon i 2017.

Tribune : Ca. 40 tilskodarar.
Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei(K), Helena Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Anna Fjørtoft, Eva Hormazabal
Kari Skovly, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
– 45min. Ingrid ut og Camilla Smith-Nilsen inn.
– 45min. Helena ut og Oda Tennfjord inn.
– 45min. Eva ut og Nora M. Ferstad inn.
– 65min. Katarina ut og Eva inn igjen.
– 65min. Stine ut og Helena inn igjen.

* Lisa(skada), Ida(reise) og Mette(fekk ein liten smell på treninga fredag) var
alle udisponible til dagens kamp.
Mål :
– 1-0 5min. Marthe fell ein K/H-spelar og dei set straffa i mål.
– 2-0 39min. Ein K/H-spelar dreg seg forbi 3 Fortunaspelarar nede på sida,
før ho slår eit innlegg på bakre stolpe som blir hedda i mål.
– 2-1 57min. Katarina blir spelt åleine gjennom sentralt, men keeper reddar
avslutninga før Vivain er på plass og set returen i mål.
– 3-1 83min. Vi mistar ballen sentralt, det blir spelt inn bak oss mot venstre,
og innlegget er ein K/H-spelar først på og set kontant i mål.
– 3-2 89min. Etter eit etablert angrep slår Vivian eit innlegg mot bakre stolpe,
der Eva kjem susane og heddar ballen i mål.

Kampen :
Som forventa var motstaden i dag eit hakk opp i frå Moldekampen på heimebane for knappe 2 vekar sidan. Vi får ikkje noko god opning på kampen, då vi rotar det til for oss sjølve og K/H kan gå i leiinga frå straffemerket etter kun 5 små minuttar.
Gradvis “et” vi oss meir og meir inn i kampen og tek over styringa utover i omgangen. Det er vi som har mest ball, men vi kjem for skjeldan til dei klare og store målsjansane. Først etter knappe 30 spelte minutt, så får vi vår første verkeleg store sjanse, men Kari si gode avslutning heilt nede i hjørnet blir endå betre redda av K/H sin landslagskeeper(J19).
Ikkje lenge etter kjem vi til ein ny god mulighet, men Ingrid si avslutning frå god posisjon bli blokkert. Eit effektivt og hardtarbeidande heimelag er dødeleg effektive og etter ein strålande enkeltprestasjon, så står det plutseleg 2-0 etter knappe 40 spelte minutt.
Førsteomgangen er ok, men vi manglar nok litt av den energien og trykket vi hadde i oss i Moldekampen.

Etter pause køyrer vi kampen i største delar av omgangen, kjem oss oftare til både nesten og store målsjansar, kjem til mange dødballar og får ei særs fortjent redusering etter knappe timen spelt.
Etter dette fortsette vi å styre og kjem oss til nokre gode mulighetar til å utlikne, og vi skulle nok hatt eit straffespark då Kari vart lagt i bakken i 16 meteren.
Heimelaget viser seg effektive og gode når dei får muligheten. Den første store sjansen deira i omgangen på ei kontring reddar Marthe meisterleg åleine med spissen. I det 84 minuttet på sin andre målsjanse etter pause, så set dei inn si 3-1 leiing. Like før slutt skårar vi med Eva og får ei fortjent redusering.

Kommentar :
Det er alltid kjekt å komme til den sympatiske gjengen på Kyrksæterøra, og det er alltid kjekt å få matche seg mot god motstand – det er då ein får læring, referansar og mulighetar til utvikling !
Vi likar jo ikkje å tape, men det kan vere nyttig å få ein liten “smekk”, slik at vi ikkje trur at ting går av seg sjølve og at vi er betre enn vi er, etter at det vart ein veldig klar siger mot Molde sist.

Litt fleire tunge bein i dag, gjere nok at vi manglar litt energi i spelet vårt, men likevel er vi spelemessig best i dag. Samstundes viser det seg igjen at mot god motstand må ein luke vekk dei enkle feila, eller så blir ein ofte straffa brutalt.
I ei tøff oppkøyring vil alltid prestasjonane til enkeltspelarar variere litt, samstundes som det er viktig at ein har den mentale evna til å gjere jobben sjølv om ikkje alt går på skinner.
Det er utvikling i ein del fasar både for laget og enkeltspelarar og så skal det sjølvsagt vere ting å jobbe vidare med.
Det er kjekt å registrerer når enkeltspelarar tek nye steg. Våre aller beste i dag er nok Cecilie, som leverer godt igjen og ikkje minst Anna som verkeleg har teke spelte sitt eit steg vidare !

Neste lørdag blir det ein ny tøff match mot Molde igjen.
Lørdag 17.februar kl.14.00. på Aker stadion.

Magne