FK Fortuna Ålesund – SK Herd
7.serierunde Aksla stadion 07.06.18.

På ein flott junikveld med over 200 tilskodarar på plass på Aksla, så låg alt til rette for eit spennande lokalderby. Finfotball vart det aldri, men ein kamp med høg intensitet og mykje nerve. Det vart ein kamp med to totalt ulike omgangar.

Resultat : 2-1(1-1).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Ole Petter Stenberg, Sunnylven Fotball.

Tribune : Ca. 220 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Kristine Gulbrandsen, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri og Ida S. Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Anna Fjørtoft, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
-74min. Anna ut Vivian Saadi inn.
-78min. Ingrid Vatne ut og Kari Skovly inn.
-90min. Camilla ut og Stine O. Muri inn.

Mål :
-0-1 6min. Her slår ein ball på tver litt utanfor vår 16 meter, den går heilt over til Lisa Verpeide, som sender avgårde eit skudd som går over Marte og i mål i lengste hjørne.

-1-1 37min. Nora slå ein perfekt innoverskudd corner, som Ida møter perfekt på første stolpe og heddar i mål frå kort hald.

-2-1 73min. Igjen snakkar vi om Nora og innoverskrudd corner. Corneren går heilt over til Cecilie på bakre stolpe, ho skyt, skuddet blir blokkert og går til til Mette på ca. 11-12 meter. Mette nølar ikkje eit sekund og bankar ballen i mål i krysset !

 

Kampen :

Førsteomgangen er vi ikkje i nærleiken, Herd tek oss på innsats og trykk og vi skal vere særs glade for at vi kan ta med oss 1-1 i garderoba til pause. Herd får ei tidleg leiing, får bensin på «motoren» og vinne omtrent alt av duellar. Dei kjempar oss rett og slett ut av stilen. Dei har 3 stor sjansar til i omgangen utanom skåringane, blant anna i tverra, så vi er heldige at det ikkje er Herd leiing til pause.

Heldigvis er vi rå på offensive dødballar i denne kampen, og Ida gjev oss ei viktig utlikning før pause.

Ingen «hårfønar», men langt frå noko godstemning i garderoba i pausa. Vi kan prate taktikk i øst og vest, men gjev ein ikkje 100 % ute på bana, så vil ein vere sjanselaus når motstandaren yte 110 % ! Her må vi sjå oss sjølve i «spegelen», erkjenne at dette ikkje var godt nok og bruke denne muligheten til å vise oss fram frå ei heilt anna side. I andreomgangen snur kampbildet TOTALT !

Herd er knapt nær målet vårt, vi skapar 7 store målsjansar, har 8 cornerar mot Herd sin eine og vi er på eit heilt anna innsatsnivå enn i førsteomgangen. Vi spelar ikkje fantastisk fotball, men vi leverar ein fantastisk innsats i andreomgangen. Heldigvis tek kaptein Mette ansvaret og set inn det avgjerande matchvinnarmålet. Kampen sett under eit på alle statistikkar, ein fortjent siger ! Samstundes må vi erkjenne at ting kunne gått annleis på bakgrunn av førsteomgangen….

Kaptein Mette om kampen :

En første omgang som nesten ikke er nevneverdig, vi er totalt ute å kjøre på det meste.
Vi blir kjørt av Herd i store perioder og er egentlig heldig at vi ikke ligger under både 2 og 3-0.
Heldigvis har man alltid en omgang til og vise hva man er god for.
Vi hever oss betraktelig og fremstår som et helt annet lag etter pause, der det meste handler om spill mot ett mål.
Vi gjør ingen stor kamp, men viser at vi har evne til å komme tilbake etter en dårlig omgang.
Uansett utrolig deilig med 3 poeng, tabelltopp og vise hvem som er best i byen !

Trenarkommentar :

Denne sigeren var viktig, veldig viktig !
Kansje ser vi tilbake på akkurat denne snuoperasjonen seinare i høst og tenker, ja, denne kampen var direkte avgjerande for ein fantastisk sesong…..
Det er so utruleg lett å vere god i medgang, når alt går på skinner og alt klaffar. Å vere god i motgang krevst so utruleg mykje meir, det er då ein viser om ein har den rette mentaliteten eller ikkje. Difor er eg ekstremt imponert over korleis spelarane løftar seg i denne kampen. Frå å vere heilt ute av det rette sporet, til å kjempe seg inn igjen på det rette sporet. Ein verkeleg LAGSIGER og ein stor honnør til ein fantastisk spelargruppe !
Vi er no på tabelltopp og i førarsete i divisjonen, men vi veit vi har to tøffe kampar igjen før ferien og vi vil avslutte vårsesongen på den beste måten !

Viste du at ?

I sesongen 2017 og til no i 2018 har vi spelt 10 heimekampar på Aksla, då nokre av kampane våre har gått på andre stadion. Sigeren mot Herd var vår 10 siger av 10 moglege, vi har teke 30 av 30 moglege seriepoeng på Aksla. Ein imponerande statistikk på i vårt «fort» ?

Magne