Surnadal/Søya/Todalen – FK Fortuna Ålesund
9.serierunde Syltøran stadion 23.06.18.

Pga. eit stor arrangement i Surnadal var det fantastiske rammer rundt dagens kamp,
med over 250 tilskodarar. Det vart også siste serierunde før ferien, og gjorde vi vår del
av jobben viste vi at serieleiing kunne ligge i «potten».

Resultat : 0-5(0-0).
Gule kort : Ingen.
Dommar : Nils Myrvang, Batnfjord Fotball.
Tribune : Ca. 250 tilskodarar.

Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine O. Muri, Cecilie Otterlei, Helena L. Vattøy, Nora M. Ferstad
Mette O. Muri(K) og Anna Fjørtoft
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbytte :
-63min. Camilla ut Kari Skovly inn.
-72min. Nora ut og Vilde Kroken inn.
-72min. Stine ut og Oda Tennfjord inn.

Mål :
-0-1 49min. Vi har kast, kjem til innlegg, det blir klabb og babb før Mette får ballen.
Til slutt vel Mette å bruke venstrefoten og ballen går i mål i lengste hjørne frå 9 meter.

-0-2 52min. Helena tek rom før ho stlår ein lang ball mot bakrom, der ballen går rett til
Ingrid som skjer inn frå kanten får ein strålande førstetouch før ho på vakkert vis løftar
ballen vakkert i mål i lengste hjørne.

-0-3 64min. Vi spelar ball før Kari kjem til innlegg som går over til Ingrid som dempar,
før ho avsluttar sikkert i hjørnet frå 12-13 meter.

-0-4 65min. Vivian viser klasse, då ho dreg seg til dørlinja før ho spelar på tvers til Katta som set ballen
Sikkert i mål frå 6-7 meter.

-0-5 88min. Frispark like utanfor 16 meteren og litt skrått hald. Skal vi få Vivianmagi ? Ja, det skal vi !
Ho curlar ballen vakkert i lengste hjørne – klasse !

Kampen :
Vi er jo best også før pause i dag, men etter ein bra start, så byrjar vi å velge litt for kompliserte og vanskelege løysingar.
Det gjere at vi får for ofte balltap, noko som også gjere at Surnadal & co kan utfordre oss på kontringar.
Før pause er det lite klare sjansar. Vi får vår største etter corner, då Helena si avslutning blir redda på strek.
I tillegg har vi ei god avslutning av Anna like over frå ca. 16 meter.
5 minuttar før pause får Surnadal sin største sjanse på frispark frå ca. 20 meter. Då er heldigvis Marthe på plass
med ein fantastisk redning heilt oppe under tverrleggaren og får slått skuddet over.
Null til pause er vi sjølvsagt ikkje fornøgde med, men vi nyttar pausa godt og gjere dei justeringane vi må.
Vi spurtar ut av «startblokkene» etter pausa, og køyrer kampen totalt frå første til siste spark på ballen.
Marthe er totalt arbeidsledig i målet og vi leverar no meget variert og god angrepsfotball, med tidvis
stor bevegelse og presisjon.
No set pasningane, no set relasjonane, no set bevegelsane, no vel vi oftare rett og ikkje minst no kjem
dei store målsjansane og skåringane.
Andreomgangen i dag held høg klasse, mot eit lag som har vore gode på heimebane og skapt store
problemar for dei andre topplaga på heimebane.

Kaptein Mette om kampen :

Vi er klart det beste laget i dag, selv om første omgang er preget av unødvendige balltap og unøyaktighet, spesielt på siste tredjedel.
Igjen viser vi oss frem i andre omgang, der vi har full kontroll og ruller opp det ene gode angrepet etter det andre.
Det kunne fort blitt flere mål, men vi sir oss fornøyd med tre viktige poeng.
Det e så deilig og smaker så godt når vi tar sommerferie på tabelltopp ! 😊

 

Trenarkommentar :
Det er fantastisk godt å kunne avslutte vårsesongen med 3 poeng.
Endå betre er det å avslutte vårsesongen med ein strålande prestasjon etter pause i dag.
Aller best er det sjølvsagt å kunne ta med seg ei serieleiing inn i sommarpausa.

Det gjev oss ingen grunn til kvile, men det gjev oss ein enorm motivasjon og glød til å jobbe
endå hardare for å stå øverst når vi tel opp i oktober.
Vi er blitt vande med tett førsteomgangar i det siste, der vi kansje ikkje føler vi klarar å få ut vårt beste.
Det handlar jo sjølvsagt ikkje kun om oss, det handlar jo like mykje om motstandarar som går ut i 100
for å gjere det dei kan for å stoppe oss, vi er laget alle ynskjer å slå. Igjen viser vi mentalitet til å «stå i det»,
gjere justeringar og ta tak i dei utfordringane vi får. Det skal vi vere stolte av !

Nei, dommar, nei, Hogne, nei alle andre – det var ingen «hårfønar» i Fortunagarderoba i pausa denne gangen heller,
den har vi ikkje nytta ein einaste gang i år. Kansje kjem den seinare 😉
Pausepraten handlar om bodskap og innhald, tydleggjering, kva må vi gjere, kvifor og ikkje minst korleis ?
Igjen klarar vi som gruppe å ta tak i situasjonen, gjere justeringar og vise kva som bur i oss som enkeltpersonar
og ikkje minst som gruppe saman.

På toppen av tabellen tek vi ein velfortjent ferie 😊

Magne