Fredag kveld på dagen akkurat 1 månad etter det historiske NM-gullet, så var Fortunafamilien samla på Color Line stadion for sin årsfest.
Det beste oppmøtet på mange år, eit flott program og mykje å feire i årets sesong skapte ei flott ramme rundt festen.
God mat og godt drikke, underhaldning, quiz, utdelingar, videoar, talar og kjekt sosialt lag gjorde dette til ein strålande kveld.
Vi har saman skapt fotballhistorie i 2017, det skal vi være stolte av !

Desse prisane vart delt ut :

Beste treningsoppmøte : Helena Lyngset Vattøy
– Vinnar for andre året på rad med 144 av 149 fellestreningar – 96 %.

Assistdronning : Camilla Smith-Nilsen
– 13 assist i serien på 16 kampar.

Toppskårar : Malin Skulstad Sunde
– 19 seriemål på 15 kampar.

Spelarane sin spelar : Mette Osvold Muri
– Spelargruppa har stemt fram sin årets spelar.

Utviklingsprisen : Vivian Ronahi Saadi
-Vivian har hatt sitt store gjennombrudd i årets sesong.
Ho har vore involvert i samtlege kampar i alle turneringar i år, levert 12 mål og 8 assist(serie + NM J19).
Fleire gangar har ho vore direkte matchavgjerande og ikkje minst i NM J19 har ho vore ein gigant !

Årets spelar – trenarprisen : Mette Osvold Muri
– Mette har blitt ein klubbgigangt og er no den spelaren som har vore lengst i klubben med 4,5 år.
Ho har levert ein meget sterk sesong og leverar aldri ein dårleg kamp. Mette er stabilitet og trygghet !
8 mål og 3 assist er fasiten i forhold til målpoeng. På og utanfor bana leverar ho kvar dag og set standaren for
korleis vi ynskjer å ha det i Fortuna.

Poengliga :
Gjennom heile året har vi køyrd ein poengliga nesten kvar tirsdag.
Dette er 4 mot 4 spel med 3 lag der spelarane får med seg poeng.
Er du på vinnarlaget – 3 poeng.
Er du på laget på 2.plass – 1 poeng.
Eit bonuspoeng til toppskåraren.

1.plass : Mette O. Muri – Gåvekort 1500,-.
2. plass : Stine O. Muri – Gåvekort 1000,-.
3.plass : Camilla Smith Nilsen og Ingrid Vatne – Gåvekort 500,-.

Utmerking 50 kampar :

Mario Hormazábal har utforma flotte diplomar som spelarar som passerar eit bestemt antall
offisielle kampar for klubben skal få tildelt. Vi tel seriekampar + NM senior.

Spelarar som oppnår 50, 100, 150 osv. kampar for klubben får tildelt slike diplomar.

5 spelarar som har passert 50 kampar for klubben fekk utdelt diplom.
– Mette Osvold Muri : Ho er oppe i heile 98 kampar.
– Ingrid Gjørvad Alnes : Har spelt 83 kampar.
– Cecilie Otterlei : 71 kampar.
– Vivian Ronah Saadi : 65 kampar.
– Malin Skulstad Sunde : 56 kampar.

Fotobok :
Vår unike lagleiar, Randi Erstad Skovly, har satt saman ei fantastisk fotobok frå dette uforgløymelege fotballåret. Spelarar og støtteapparat fekk ei slik bok i julegåve frå klubben.

Takk for ein flott kveld, vi gledar oss alt til neste år ! ?

  • The Team!