Sunndal – Fortuna Ålesund

1.runde NM damer

Kun 42 timar etter at vi slo Herd ut av J19 NM torsdag, so var det klart for ein ny NM-kamp i dag, men då i NM-damer.
På ei strålande kunsgrasmatte på Sunndalsøra, so vart det ein tøff kamp med mange tunge bein.

Slik starta vi : 4-2-3-1.

Lisa Raknes

Stine Muri, Oda Tennfjord, Helena Vattøy, Ingrid Alnes.

Mette Muri(K), Stine Reite

Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi, Kari Skovly

Malin Sunde

Innbyttarar :

– 46 min. Helena ut og Kristine Gulbrandsen inn.

– 83min. Kari ut og Anna Fjørtoft inn.


Mål :

0-1 6min. Vivian Saadi.

1-1 21min. Sunndal.

1-2 81min. Mette Muri(Malin Sunde).

Kampen :

NM-damer er bonuskampar, samstundes har vi eit mål om å komme oss inn i 3.runde, for då veit vi at vi mest truleg får måle oss mot Toppserie-motstand.

“På frå start” var eit av punkta før kampstart i dag, og det var vi verkeleg. Vi starta kampen godt og gjekk i 1-0 leiing etter eit godt angrep etter berre 6 spelte minutt. Det neste kvarteret styrar vi alt, og kjem oss også til eit par store sjansar, som bør sende oss opp i ei 2-0 leiing. I staden er Sunndal dødeleg effektive når vi ikkje gjere jobben vår på defensiv dødball og det står 1-1 i målprotokollen. Siste del av omgangen fortsette vi å ha ballen det meste av tida, men vi er litt “tunge” og manglar nok kvalitet og presisjon i angrepsspelet vårt. Vi blir for utolmodige og manglar litt ro med ball.

Eg tippar vi har ballen 70-30 før pause, etter pause tippar eg vi er på 85-15 i å “eige ballen”. Sjølv om vi har mykje ball, så blir det for lite klare målsjansar mot ei heimelag som forsvarar seg med alt dei har. Nokre målsjansar rullar vi likevel opp, og vi bør gå i leiing tidlegare. Då klokka passerar 80 spelte minutt byrjar vi å frykte ekstraomgangar og i verste fall straffesparkkonkurranse. Det treng vi absolutt ikkje i dag, er vi einige om på benken. På eit perfekt slått frispark frå Malin sin fot, så tek kaptein Muri ansvar og stig til værs og heddar oss opp i 2-1 leiing. Det resultatet står seg også heilt ut.

Vi er KLART best, men likevel er dette ein slitekamp, men like deilig er det å ta med oss sigeren heim ! Etter ei beintøff oppkøyring, so har vi no fått ein flying start på sesongen ! Med avansement i både J19 og dame NM, so tek vi med oss mykje positiv energi inn mot den siste perioden før seriestarten.

I dag er det 3 veker til vi møter Volda på bortebane i 1. serierunde. No handlar det om å finpusse, justere og utvikle spelet vårt i denne perioden.

* Onsdag reiser vi til Albir i Spania, der vi skal vere ei knapp veke. Her skal vi ta nye steg saman både på og utanfor bana. Meir om denne turen og reisebrev frå spelarane kjem etter kvart.

* 2.runde NM damer skal etter planen spelast 31.mai.

Molde slo Volda 2-0 i dag, og mitt tips er at vi møter Molde på heimebane……

* Kristine Guldbrandsen(02-model) frå Skodje er på lån hos oss i 1.månad for først og fremst hjelpe oss pga. ein del skadar. Torsdag debuterte ho med 20 minutt mot Herd i J19 kampen. I dag spelte ho heile andreomgangen og gjorde ein solid innsats.

Sportsleg helsing:

Magne Elde

Kategorier: Nyheter