Det er klart for topp mot bunn søndag, då vi som serieleiarar møter
bunnlaget Byåsen 2 på Byåsen Arena kl.13.00.

I vårkampen på Aksla vann vi heile 7-0 på heimebane.
Byåsen 2 stiller i høst eit sterkare lag, så vi forventar absolutt tøff kamp om poenga.

Vi er i den heldige situasjonen at vi stiller ein skadefri tropp.
Oda som har reist på studiar(sjå eiga sak) er ute i forhold til dei første to høstkampane,
medan Ida Kroken er tilbake i troppen for første gang i høst. Ida har flytta til Bergen
for fysiostudiar, men trenar med 1.divisjonslaget Åsane og er disponibel for oss ut sesongen.

Det er ein spennande runde denne helga, der 4 av dei 5 topplaga
møtast i innbyrdes oppgjer.
Tidlegare i dag spelte KIL/Hemne heime mot Herd, der bortelaget tok ein sterk 0-1 siger med seg heim.
I morgon spelar Molde heime mot Trondheims Ørn i den andre toppkampen.

Andre resultat lørdag :

Sunndal – Nardo 5-0.
Surnadal – Orkanger 2-2.

Vi oppdaterar kampen på vår facebookside.
Vi ser fram til høstsesongens tredje kamp 😊

Magne