Det er klart for kvalifisering til 1.divisjon damer.
Første hinder på vegen tilbake til toppfotballen for Fortuna, er Bodø-laget
Innstranda IL. Det tredje laget i vår gruppe er Snøgg frå Notodden.
Vinnaren av ein enkel serie mellom desse tre laga rykker opp i 1.divisjon.

Innstranda vann sin serie suverent, og vann i tillegg eit sluttspel oppe i Nord
mellom dei ulike avdelingane like suverent. Mange hugsar sikkert at vi møtte
Innstranda også i fjor, då vann vi 5-0 etter at det stod 0-0 til pause.
Stammen i årets Innstranda-lag er lik det laget vi møtte i fjor.
Det er faktisk større skilnad i vårt lag i forhold til fjorårets kamp.
Kun 4 som starta kampen i fjor startar morgondagens kamp for Fortuna.
Vi forventar ein tøff og tett fotballkamp, der vi må levere ein meget
god prestasjon for å stå igjen som vinnarar.

Sidan vi tapte 2-1 bort mot KIL/Hemne i starten av september, så har vi hatt ei meget
fin utvikling både i spelet vårt og i våre prestasjonar.
Samstundes har vi lagt bak oss ei meget god treningsveke, slik at forutsetningane for
å levere ein god prestasjon bør ligge godt til rette.
I forhold til spelartroppen er Daniela tvilsom pga. ein ankelskade, ellers er samtlege
spelarar disponible og speleklare.

Vi gledar oss no verkeleg til å komme i gang med desse kvalifiseringskampane.
Trua på at vi kan levere gode prestasjonar er god, så kan vi ikkje gjere noko anna
enn å prøve å få ut det beste i laget og telje opp til slutt !

Vi oppdaterar mål på vår facebookside og du kan også sjå kampen
LIVE på smp.no.

Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg vil ta turen på stadion for å støtte oss.
Jentene treng di støtte !

God kamp 😊 😊

Magne