Til tross for særs mykje nedbør denne veka, så er det ei strålande Akslamatte
som er klare for å ta i mot Fortuna og Orkanger til kamp kl.13.00. lørdag.

Etter ein tung periode for oss, med poengtap i to toppkampar på rad,
så har vi rota vekk leiinga vår i divisjonen.
Det betyr at det for oss berre er å gløyme tabellen og ha fokus
på at vi sjølve må levere gode prestasjonar framover.
Leverar vi gode prestasjonar vil poenga komme.

Vi har lagt bak oss ein meget positiv veke på treningsfeltet.
Spelarane har lagt ned eit veldig godt stykke arbeid
denne veka, og viser stor lyst og vilje til å revansjere seg og slå tilbake.

No handlar det om å få det ut i kamp !

Orkanger ligg på 6.plass på tabellen og treng truleg ein siger til
før dei er 100 % sikra for eit nytt år i 2.divisjon.
Laget varierar veldig i prestasjonane, og har variert frå store tap
til sterke resultat og sigrar.

For vår del stiller vi med 16 speleklare jenter, der Ida(skade) og Nora(reise)
er indisponible. Vi gjer ein del endringar på laget frå dei siste kampane,
men stiller meget sterkt både frå start og på benk !

Andre kampar i denne runda er :
Trondheims Ørn 2 – Herd
Sunndal – Molde
Byåsen 2 – Surnadal
Nardo – KIL/Hemne

Slik ser tabellen ut :

KIL/Hemne, 35 pluss mål, 33 poeng.
Fortuna Ålesund, 32 plussmål, 32 poeng.
Molde, 25 plussmål, 26 poeng.
Trondheims Ørn 2, 22 plussmål, 29 poeng.
Herd, 29 plussmål, 28 poeng.
Orkanger, 19 minusmål, 14 poeng.
Surnadal, 21 minusmål, 11 poeng.
Sunndal, 15 minusmål, 10 poeng.
Byåsen 2, 52 minusmål, 8 poeng.
Nardo, 37 minusmål, 5 poeng.

Vi håpar mange tek turen til Aksla for kamp – vi treng di støtte 😊

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund