Der er klart for årets siste serierunde i 2.div. avd. 6.
Fortuna møter samarbeidslaget Surnadal/Søya/Todalen på Aksla kl.14.00.
Alle kampane i denne serierunden blir spelte samstundes og
det ligg ann til drama både i topp og i bunn.
No skal ALT avgjerast !

Til tross for ganske store mengdar nedbør over lang tid, så er Akslamatta
i meget god forfatning og yr melder om oppholdsvær og lite vind 😊

På spelarsida har vi Stine Reite som er usikker pga sjukdom, ellers stiller
vi ein speleklar tropp. For tredje helg på rad så kjem vår toppskårar,
Vivian Saadi, heim frå studiar i Gdansk for å bidra – fantastisk !
Vi kjem til å satse offensivt i morgon, men sjølvsagt på ein fornuftig måte.
Trua på ein sterk prestasjon og at vi kan skape ein magisk lørdag er stor !
Surnadal ligg i dag på 8. plass på tabellen, rett over streken.

Dei er ikkje sikra ny plass, då dei kan rykke ned med tap mot oss,
samstundes som Nardo slår TØ 2.
Vi trur Ørn slår Nardo, og at Surnadal uansett resultat i Ålesund
også spelar 2. divisjon i 2018.

Før denne siste og avgjerande runda kan tre lag stikke av med seriegullet
og retten til å spele kvalifisering for 1.divisjon.
KIL/Hemne og Fortuna er a poeng, men K/H har 5 mål bedre målskilnad.
Kun 1 poeng bak føl Molde og nettopp dei to andre topplaga møtast på Kyrksæterøra.

Skal Fortuna vinne GULL så må vi vinne vår kamp, samtidig som K/H ikkje vinne mot Molde.
Vinn K/H mot Molde, så må vi vinne med 6 fleire mål enn det K/H vinn med.
K/H er serievinnarar om dei slår Molde og Fortuna ikkje vinne med 6 fleire mål
enn kva K/H gjere. K/H er sjølvsagt seriemeisterar om Fortuna ikkje vinn sin kamp,
og dei sjølve slår Molde.
Molde sitt håp er å slå K/H, samstundes som Fortuna ikkje må vinne sin kamp.
Med andre ord, dette kan bli fotballdrama 😊

Andre kampar i denne runda :
Herd – Sunndal.
Orkanger – Byåsen 2.
KIL/Hemne – Molde.
Trondheims Ørn 2 – Nardo.

Slik ser tabellen ut før siste serierunde :
1.KIL/Hemne, 42 pluss mål, 39 poeng.
2.Fortuna Ålesund, 37 plussmål, 39 poeng.
3.Molde, 39 plussmål, 38 poeng.
4.Trondheims Ørn 2, 23 plussmål, 34 poeng.
5.Herd, 26 plussmål, 28 poeng.
6.Orkanger, 24 minusmål, 15 poeng.
7.Sunndal, 22 minusmål, 13 poeng.
8.Surnadal, 29 minusmål, 13 poeng.
——————————————————–
9.Nardo, 35 minusmål, 12 poeng.
10.Byåsen 2, 57 minusmål, 9 poeng.

Vi oppdaterar kampen på vår facebookside og du kan også sjå kampen
LIVE på smp.no.

Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg vil ta turen på stadion for å støtte oss.

God kamp 😊