Lørdag kl.14.00 på Aksla stadion er det klart for nest siste serierunde.
I ein viktig og avgjerande kamp er Trondheims Ørn 2 motstandar.
Aksla er i framleis strålande forfatning, så sjølv om værmeldingane varslar
ein del regn, så trur vi det uansett skal bli gode speleforhold.

På spelarsida har vi alle 18 spelarane våre disponible og kampklare.
Det er alltid eit godt utgangspunkt, og vi håpar og trur at vi skal levere
ein god prestasjon. Ida Kroken er tilbake igjen etter å ha stått over eit
par kampar pga ein ankelskade.

Vi ser ut som vi kjem i betre og betre form og eg håpar og trur vi skal klare
å ta ut vårt beste. Klarar vi å gjere vårt beste, så skal det vere godt nok til ein god prestasjon.
Ein god prestasjon er alltid eit godt utgangspunkt for å kunne ta 3 poeng.

Trondheims Ørn 2 ligge på 4.plass på tabellen og jaktar ei god plassering,
sjølv om det nok er for langt opp for dei til å ta seriegullet.
Ørn er eit ungt og spelande lag med fleire aldersbestemte landslagsspelarar.

Vi er i førarsetet, men som de ser av tabellen under så kan alt skje.
Det er harde kampar både for laga i toppen og laga som kjempar for å unngå nedrykk.

Andre kampar i denne runda er :
Nardo – Herd, lørdag kl.13.00.
Sunndal – Orkanger, lørdag kl.13.00.
Byåsen 2 – KIL/Hemne, lørdag kl.14.00.
Molde – Surnadal, lørdag kl.14.00.

Slik ser tabellen ut 2 serierundar før slutt :

1.Fortuna Ålesund, 37 plussmål, 38 poeng.
2.KIL/Hemne, 40 pluss mål, 36 poeng.
3.Molde, 31 plussmål, 35 poeng.
4.Trondheims Ørn 2, 23 plussmål, 33 poeng.
5.Herd, 27 plussmål, 28 poeng.
6.Orkanger, 23 minusmål, 15 poeng.
7.Surnadal, 21 minusmål, 13 poeng.
8.Sunndal, 23 minusmål, 10 poeng.
——————————————————–
9.Nardo, 36 minusmål, 9 poeng.
10.Byåsen 2, 55 minusmål, 9 poeng.

Vi oppdaterar kampen på vår facebookside og du kan også sjå kampen
LIVE på smp.no.

Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg vil ta turen på stadion for å støtte oss.

God kamp 😊

Magne