Då startar siste 3-del av sesongen, og for ein start det er med
lokalderby og toppoppgjer mot Molde.
På fantastiske Aksla stadion er det avspark lørdag kl.16.00.

I vårkampen mellom laga, så vann vi 3-1 på bortebane.
Det har vore ei litt uroleg veke for oss inn mot kampen med litt
sjukdom, skadar, skuleturar m.m. Heldigvis var fredagstreninga lovande,
og dei einaste spørsmålteiknet er om Daniela blir speleklar etter eit overtråkk
på trening tidlegare i veka.
Solveig Engås er med i sin første Fortunatropp etter overgangen frå Herd.

Det er ein ny runde denne helga, der 4 av dei 5 topplaga i divisjonen
skal ut i innbyrdes oppgjer.
Den andre toppkampen er Trondheims Ørn 2 mot Molde lørdag kl.14.00.
Dei andre kampane i denne runden er :

Herd – Orkanger
Sunndal – Surnadal.
Nardo – Byåsen 2 vart spelt torsdag. Kampen enda 2-3.

Status før denne runda om ein tenker på tabellen, er at vi leiar med 6 poeng
på Molde og 4 poeng på KIL/Hemne. Det betyr at for Molde så er dette ein kamp
som betyr «vinn eller forsvinn» i forhold til sjansen på seriegull.
For vår del er vi i angrepsposisjon og har muligheten for å kvitte oss med
ein tøff konkurrent i kampen om seriegullet.

Vi håpar og trur på eit Fortunalag med mykje vilje og energi !
Kan det bli vår 12 strake seriesiger på Aksla ?

Vi håpar på at mange tek turen lørdag for å støtte oss.
Det vil betyr særs mykje for jentene – dei fortjenar det !

Har du ikkje sjans å sjå kampen på stadion, så sender smp.no
kampen direkte.

Velkommen på kamp 😊