Då er det klart for høstsesongens første heimekamp.
Onsdag 15.08.kl.19.00 på Aksla Stadion.

Vi har ein stort sett skadefri tropp, og for første gang er nysigneringane,
Josefine Ervik og Daniela Dögg Guðnadóttir klare for innsats i Fortunadrakta.
Lisa Raknes og Ida Kroken er dei einaste som står over frå vår tropp.

Sunndal ligg på 7.plass på tabellen, og kjempar om å overleve i divisjonen.
For vår del har Sunndal vore ein utfordrande motstandar.
I fjor vann vi 3-1 heime(Langevåg) og spelte 4-4 på bortebane.
I kampen i vår vann vi 3-1 på Sunndalsøra.

Vi veit at vi må levere ein god prestasjon om vi skal stå igjen med
3 poeng etter denne kampen, ingenting kjem utan hardt arbeid !

Vi har no 10 strake sigrar på Aksla stadion på rad i serien i 2017 og til no i 2018.
Målskilnaden er på fantastiske 46-4 !
Kan vi klare å ta våre 11 strake siger på Aksla i morgon ?

Vi håpar mange tek turen på stadion for å støtte oss i morgon.
Kan du ikkje ta turen på stadion, så blir kampen sendt på www.smp.no.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund