Søndag kl.13.00. på Aksla stadion er det klart for ÅRETS KAMP !
Innstrandens frå Bodø er motstandar då den første kampen
i kvalifiseringa skal spelast.

Om kvalifiseringa :
– Dei 6 vinnarane frå 2.divisjonsspelet er delt i to grupper a 3 lag.
– Dei tre laga spelar ein enkel serie( 3 kampar) der vinnaren rykker opp.
– Det betyr at 6 lag kjempar om 2 plassar i 1.divisjon 2018.
– Ved siger eller uavgjort for Fortuna søndag, så spelar Fortuna borte
mot Nanset i kamp 2 neste søndag. Vinne Innstrandens søndag, så
spelar dei heime mot Nanset neste helg.
Om kamp 3 blir spelt kjem ann på om ting framleis er uavklart etter
2 kampar.

Om Innstrandens :
Laget kjem frå Bodø og har spelt kvalifisering ein gang før. Det var i 2015
då laget tapte 2-3 borte mot Raufoss. Då Raufoss igjen vann sin kamp 3-0 heime
mot Tynset, så vart det ikkje noko opprykk på Innstrandens.
Innstrandens vart nr. 2 i seriespelet sitt i år bak Grand Bodø 2.
Desse laga frå Nordland møtte nr. 1 og 2 frå Hålogaland til eit sluttspel
om retten til å spele kvalikk til 1.divisjon.
Igjen vart Innstrandens nr. 2 bak Grand Bodø 2, men dei kan ikkje rykke opp.

Rammene
Vi håpar på mykje folk på kampen, kan vi håpe på over 300 tilskodarar ?
I toppoppgjeret mot Molde var det fantastiske 450 tilskodarar på Aksla.
Sjekk gjerne vårt arrangement på facebook og meld deg på der :
https://www.facebook.com/events/130348687623548/
Akslamatta er fantastisk til tross for mykje regn det siste døgnet og sjølv
om vi nærmar oss 1.november.
Yr.no melder om ok vær søndag, så det er berre å kle seg godt å ta turen
opp på det flotte Akslafjellet ?

Jentene treng di støtte !

Status spelartroppen :
I skrivande stund er samtlege 20 spelarar i Fortunatroppen disponible
og klare for kamp ! Det betyr eit luksusproblem for oss trenarar både i forhold til å ta ut dei 11 som skal starte, og dei 18 som skal med i kamptroppen.
Vi forventar tøffe og tette kvalikk-kampar, så det kan bli heilt avgjerande å ha ein brei og god tropp å velge frå. I tøffe og tette kampar er det ofte bidrag frå
innbyttarar som er med å avgjere kampen !

Kommentar :
No er det sesongen skal definerast og ikkje minst avgjerast !
Vi har etter ein lang og tøff sesong no kome i den posisjonen som vi drøymde om å vere då vi starta denne jobben i januar månad.
Vi har vore i fantastisk god form i høst og vist mentalitet og evne til å avgjere mange tette og jamne kampar i vår favør.
Dette håpar vi å ta med oss inn i kvalifiseringa.
Etter nokre fortjente fridagar etter at seriemeisterskapet vart sikra, så har vi
no trent meget godt i 2 veker og førebudd oss på denne kampen.
Spelarane verkar å vere i meget god form og stemninga i troppen er veldig god.
Eg er sikker på at klarar vi å komme opp mot vårt beste nivå, ja, då har vi ein
unik sjanse til å ta steget tilbake i toppfotballen – det treng heile jente og damefotballen på Sunnmøre !
Det er slike kampar alle fotballspelarar drøymer om å spele, det er dette vi jobbar for kvar einaste dag, så då handlar det mest om å klarar å ta ut enkeltspelarar og laget sitt potensial. Vi ynskjer å skape historiske fotballminner !

Til slutt vil eg berre oppfordre flest mogleg til å ta turen på kamp for å
støtte jentene, det fortjenar dei !

God kamp og måtte det beste heimelaget vinne ?

Magne

Kategorier: Nyheter