Lørdag 11. august kl.12.00. på Nissekollen kunstgras er det klart for ein etterlengta høststart.
Motstandar er heimelaget Nardo, som ligg akkurat over nedrykksstreken på 8.plass.I vårsesongen vann vi heile 7-0 på heimebane i serieopninga.
Du kan mimre og sjå bilder frå den kampen her :
Fortuna vs Nardo

Det er vel å merke seg at dette er den einaste kampen laget har fått «bank» i,
då resten av kampane er jamne resultatmessig.
Rett før ferien spelte dei t.d. 1-1 på bortebane mot Herd.

For vår del reise vi til Trondheim med 14 motiverte, skadefrie og speleglade jenter.
Josefine(jobb), Ida(reise), Daniela(Island) og Lisa(skade) er alle indisponible til denne kampen.
Etter ein litt ujamn start på oppkøyringa, så har vi no hatt 2 meget gode veker, men ein flott
tur til Fjørtofta, gode treningar og ei god gjennomkøyring i kamp mot Volda tirsdag.

Jubileum

Mot Nardo lørdag er det to Fortunajenter som spelar sin 50. offisielle kamp for klubben.
Det er våre to jenter ved fornavn Stine.
Stine Reite sesongdebuterar etter å ha vore eit år i militæret og får då sin 50. kamp for klubben.
Stine O. Muri har trøbbla litt med skade i vårsesongen, men er no frisk og rask
og jubilerar også med sin 50. kamp for klubben lørdag.
Vi håpar det blir eit godt jubileum 😊

Statisikk

Slik fordelte skåringar og assist seg for Fortuna i vårsesongen :
Katarina D. Sunde 16 mål og 0 assist.
Ingrid Vatne 5 mål og 2 assist.
Mette O. Muri 3 mål og 2 assist.
Ida Kroken 3 mål og 2 assist.
Vivain Saadi 3 mål og 2 assist.
Kari Skovly 1 mål og 1 assist.
Oda Tennfjord 1 mål.
Nora M. Ferstad 4 assist.
Camilla Smith-Nilsen 4 assist.
Anna Fjørtof 3 assist.
Helena Vattøy 2 assist.

Vi skåra totalt 32 mål og slapp inn 6 mål.

Er du i Trondheim, så ta gjerne turen på kamp for å støtte oss.
Vi oppdaterar kampen på vår facebookside.

La høstsesongen starte 😊

Magne