Lørdag kl.13.00 på Hemne Sparebank Arena er det klart for ein verkeleg
toppkamp og kansje ein liten seriefinale i 2.divisjon avd. 6.

Det er lag nr. 1 mot lag nr. 2 på tabellen som skal i aksjon.
Fortuna leiar tabellen med 5 poeng, med ein kamp meir spelt enn K/H.
Det betyr at lørdagens kamp kan bli svært avgjerande i forhold til muligheten
til å bli seriemeisterar og å spele om opprykk til 1.divisjon.

Heimelaget spelte i 1.divisjon i 2017.
Dei rykka då ned etter å ha dårlegare målskilnad enn Grei.
I dag leiar Grei 1.divisjon og er på veg til å rykke opp i Toppserien.
Ingen lag har rykka ned frå 1.divisjon nokon gang med ein høgare poengsum,
enn det KIL/Hemne hadde i 2017 sesongen.

Vi har møt K/H til kamp 3 gangar før i år, i 2 treningskampar + seriekampen i vår.
I vinter tapte vi ein jamn treningskamp 3-2 og på treningsleir i Tyrkia spelte vi 1-1.
På Color Line stadion i vår, så vart det ein dramatisk kamp, som enda 1-1 etter ei
utlikning frå bortelaget 4 minuttar på overtid. I denne kampen spelte vi med 10 mann
dei siste 25 minuttane etter at Ida pådrog seg eit rødt kort.

I forhold til spelartroppen vår, så stiller vi med 17 disponible spelarar.
Dessverre er Kristine Gulbrandsen ute med sjukdom i helga, ellers er
resten av gruppa speleklare.
Høstens beste treningsveke er lagt bak oss, og gjer oss optimistiske.
Vi skal vere godt førebudde og veit at dette blir ein tøff og tett batalje.
Skal vi ha med oss eit resultat som vi kan «leve» med tilbake til Sunnmøre,
så må vi levere ein prestasjon opp mot vårt beste.
Det håpar vi å klare !

Andre kampar i denne runda er :
Surnadal – Herd
Molde – Nardo
Byåsen 2 – Sunndal
Orkanger – Trondheims Ørn 2

Vi oppdaterar kampen LIVE på våre facebookside.