For knappe tre veker sidan slo vi Molde heile 7-2 i Sparebanken Møre Arena.
Lørdag møter vi nok heilt sikkert eit betre rusta Moldelag.

Molde var vår store erkerival i 2017 sesongen og dei vil heilt sikker slå godt frå
seg også i år. Den infoen vi har fått seier at Molde har minsta 3-4 sentrale spelarar
frå laget i 2017, så dei blir nok heilt sikkert sterkare etter kvart som dei får spelt saman
eit litt nytt lag.

I Fortunaleiren ser det meste veldig bra ut for tida, og vi har samtlege utespelarar i troppen
disponible til kampen. Kun keeper Lisa er ute med skade.

Vi leverte ein bra kamp mot KIL/Hemne forrige helg, sjølv om det vart 3-2 tap.
I den kampen mangla vi litt energi i spelet vårt, slik det ofte er i ei tøff oppkøyring.

Vi stiller slik i 4-2-3-1 frå start :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Helena Vattøy
Mette Muri og Anna Fjørtoft
Camilla Smith-Nilsen, Vivian Saadi og Kari Skovly
Katarina Sunde

Innbyttarar som alle skal inn til 2.omgangen :

Eva Hormazabal, Nora Ferstad, Ingrid Vatne, Kristine Gulbrandsen og Ida Kroken.

Vi ser fram til ein ny tøff bortekamp, der vi får gode mulighetar og svar i forhold til dei
momenta vi jobbar med i spelte vårt på treningsfeltet for tida.

Lik oss på facebook, der blir det oppdateringar frå kampen.

Avspark på Aker Stadion er kl.15.00. Publikum nyttar inngang 2.

Magne