Lørdag tek vi turen til Kyrksæterøra for å møte KIL/Hemne på Hemne Sparebank Arena.

KIL/Hemne rykka ned frå 1.divisjon i fjor på dårlegare målskilnad enn Fart !
Kun få minutt før slutt leia dei siste kampen mot Kongsvinger borte og låg på trygg plass.
Ei utlikning til 2-2 like før slutt for Kongsvinger, sende då KIL/Hemne ned i 2.divisjon.
Som de kansje har sett i media, så skulle eigentleg Grei ha mista poeng pga. bruk av ikkje

speleberettiga spelar i fleire kampar. Hadde Grei fått si rettmessige «straff» skulle også KIL/Hemne havna på trygg plass.
Det var verkeleg marginar i mot for KIL/Hemne i 1.divisjon 2017.

Det blir spennande å sjå kva nivå dei held i år og om dei har beholdt spelarstallen.
Vi veit at dei som oss(Malin), har mista ein midtstoppar til Trondheims Ørn.

I fjor tapte vi 4-3 i ein jamnspelt treningskamp mot dei.

Kva med oss då ?

Vi leverte ein imponerande kamp mot Molde for knappe 2 veker sidan, som enda med heile 7-2 siger.

Torsdag hadde vi videosekvens der vi såg gjennom ein del situasjonar får kampen, inn mot det vi har
hatt fokus på så langt i vinter. Videon bekrefta definitivt det gode resultatet – men det er framleis mykje å jobbe med.

5 veker inn i sesongoppkøyringa, så har vi kun Lisa Raknes(keeper) ute med skade.
Ida Kroken er vekkreist i helga, ellers så stiller vi med ein speleklar tropp og har fleire
spelarar tilbake som ikkje var med mot Molde.
Oda, Helena og Camilla var ute mot Molde, dei er alle no tilbake i troppen.

Vi stiller slik i 4-2-3-1 frå start :
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy, Kristine Gulbrandsen
Mette Muri og Anna Fjørtoft
Kari Skovly, Vivian Saadi og Ingrid Vatne
Katarina Sunde

Innbyttarar som alle skal inn i 2.omgangen :

Eva Hormazabal, Oda Tennfjord, Nora Ferstad og Camilla Smith-Nilsen.

Vi gledar oss veldig til å få ein ny tøff match – mot ein motstandar som kansje er seriefavoritten etter nedrykket frå 1.divisjon.
Vi skal fortsette å utvikle spelet vårt og vise at vi har teke steg i forhold til det vi har hatt fokus på
ute på treningsfeltet så langt i år.

Lik oss på facebook, der blir det oppdateringar frå kampen.

Avspark i Trøndelag er kl.14.00.

Magne