Foto: : Marius Simensen, Sunnmørsposten.

Søndag kl.14.00. er det klart for eit fotballdrama på Aksla stadion.
Det er klart for seriefinale i 2.divisjon avd. 6.!

Premissane
Molde har leia årets serie stort sett gjennom heile sesongen, og avstanden har på det meste
vore oppe i 7 poeng fordel Molde. I det siste har avstanden minka, og no er det kun 2 poeng som skil laga
før denne serierunda. Realiteten er krystallklar : Fortuna må vinne, medan Molde kan klare seg med uavgjort.
Dette då begge laga mest truleg vinn sine kampar i den siste serierunden neste helg.
Molde møter Byåsen 2 heime, medan Fortuna møter Nidelv borte.

Møter tidlegare i år
Laga spelte 0-0 i ein jamn og tett seriekamp på Aker stadion tidleg i juni.
I NM J19 1.runde som gjekk på Aksla, så vann Fortuna 3-1 og var klart best.
J 19 laga består med nokre få unntak av stort sett dei same spelarane på begge laga,
som laga mønstrar i seriespelet.

Status spelartropp Molde
Iflg. Romsdals budstikke er Moldetroppen skadefri og dei har ingen karantenar til denne kampen.
Tidlegare Fortunaspelar og Molde sin beste spelar, Mari Wenaas, er tilbake etter å ha sona karantene
for 3 gule kort mot Trondheims Ørn forrige helg.
Mari spelte for Fortuna i sesongen 2014 og 2015 i 1.divisjon og fekk 42 kampar for klubben.
Det blir også gjensyn med Iselin Bjerkeli Krohn, som spelte for Fortuna i 2015 og 2016.
Som Mari så spelte også Iselin 42 kampar for klubben desse to åra.
Same avis skriv også at Molde har flytta ut av Aker stadion denne veka, og trent på gras for å tilvenne
seg forholda på Aksla.

Status spelartropp Fortuna
Etter å ha slete med ein del skadar og folk ute med sjukdom i det siste, så har samtlege spelarar meldt
seg klare til kamp. Samtlege 19 spelarane i troppen var i aksjon på treninga i kveld.
Vi har ingen spelarar ute med karantene.
Det er ikkje tvil om at dette er ein kamp der samtlege ynskjer å vere med å bidra og gjere ein skilnad, då blir det
eit tøft luksusproblem for oss trenarar å skulle velge ut dei 11 som får tillitt frå start. Samstundes veit vi at i ein forventa
jamn og tøff kamp, så er det ofte gode bidrag frå benk som kan avgjere ein slik kamp.

Rammene
Vi trur på mykje folk på kampen, kan vi håpe på over 300 tilskodarar ?
Sjekk gjerne vårt arrangement på facebook og meld deg på der :
https://www.facebook.com/events/303531753388928/?acontext=%7B%22ref%22%3A%22106%22%2C%22action_history%22%3A%22null%22%7D

Om du ikkje skulle ha muligheten til å sjå kampen frå tribuneplass, så vil smp.no sende kampen direkte
med kommentator. For å sjå kampen må du ha abbonement på www.smp.no

Yr.no melder om ein flott søndag, så det er berre å ta turen på kamp ?

Kommentar
I heile år har Molde leia, medan vi har vore på etterskot.
No har vi fått ein ekstra sjanse, vi har fått muligheten til å vise om vi er gode nok.
For nokre rundar sidan trudde vi at dette var over, no er det kun opp til oss sjølve.
Vi møter utan tvil eit godt Moldelag, men heime på Aksla veit vi at vi er gode.
Fasiten på heimebane i år er 8 strake sigrar og 35-4 i målskilnad.
Leverar vi ein maksprestasjon, då er sjansane for siger store.
Det er jo i ein slik situasjon som dette alle som spelar fotball på vårt nivå ynskjer å vere,
å ha muligheten til å vere med å påverke og skape historiske opplevelsar.
La oss gripe denne muligheten, jenter !

Til slutt vil eg oppfordre flest mogleg å ta turen opp på Aksla søndag og bidra med si støtte, for at desse
fantastisk flotte og dyktige fotballjentene får all den støtta dei fortjenar.
Slaget om Møre og Romsdal skal vinnast !

Måtte det beste heimelaget vinne ?

Magne