Lørdag kl.13.00 på Amfi Moa stadion er det klart for nabooppgjer
med to lag som ynskjer å sikre seg 3 nye poeng i «banken».

Etter ein tøff periode med poengtap i to viktige toppkampar,
så kom vi tilbake på vinnarsporet med 5-1 siger heime mot Orkanger
forrige helg. Det var eit steg i rett retning, så veit vi at skal vi stå igjen
med 3 poeng når dommaren bles for 90 spelte minutt lørdag,
så må vi ta endå eit nytt steg i prestasjonen vår.

Vi har køyrd eit par økter på kunstgras denne veka, for å
førebu oss på det underlaget vi møter lørdag.
I ettermiddag hadde vi ei lett og fin økt med mykje godt
humør og god stemning på Nørvebana.

På spelarsida er kun Ida indisponibel pga skade, ellers
stiller vi med full tropp.
Vi veit kva som møter oss i kampane mot Herd, der det ofte
blir mykje duellspel og kriging. Vi ser fram til å vinne flest
duellar, men ikkje minst til å kombinere det med god
offensiv fotball.

Andre kampar i denne runda er :
KIL/Hemne – Sunndal
Molde – Byåsen 2
Orkanger – Nardo
Surnadal – Trondheims Ørn 2

Slik ser tabellen ut 3 serierundar før slutt :

1.Fortuna Ålesund, 36 plussmål, 35 poeng.
2.KIL/Hemne, 34 pluss mål, 33 poeng.
3.Molde, 28 plussmål, 32 poeng.
4.Trondheims Ørn 2, 23 plussmål, 32 poeng.
5.Herd, 28 plussmål, 28 poeng.
6.Orkanger, 23 minusmål, 14 poeng.
7.Surnadal, 21 minusmål, 12 poeng.
8.Sunndal, 17 minusmål, 10 poeng.
——————————————————–
9.Byåsen 2, 52 minusmål, 9 poeng.
10.Nardo, 36 minusmål, 8 poeng.

Som de kan sjå er det mykje å spele for både i toppen og botnen av
tabellen, så her kan alt skje.

Vi oppdaterar kampen på vår facebookside og du kan også sjå kampen
LIVE på smp.no.
Vi håpar sjølvsagt at flest mogleg vil ta turen på stadion for å støtte oss.

God kamp 😊

Magne

Kategorier: Nyheter