Då er det snart klar for kampen som KAN avgjere alt.
Lørdag kl.12.30. på Notodden kunstgras møter vi heimelaget Snøgg i kvalifiseringa til 1.divisjon damer.

Utgangspunktet for kampen er ganske enkelt :
Fortuna vann første kampen mot Innstranda 2-0.Med siger til Fortuna er vi vinnarar og rykker opp til 1.divisjon.
Med uavgjort eller siger til Snøgg, så er dei i førarsetet og kan avgjere det til deira fordel ved å slå Innstranda borte neste helg.

Snøgg har levert ein sterk sesong i 2.div. avdeling 2. Dei står med 18 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap i seriespelet.

Her kan du lese kva Snøgg skriv på sine nettsider om kampen: klikk her!

Vi er meget god førebudde på kva som møter oss, og veit at vi møter eit godt fotball-lag. Vi veit også at mulighetane for å ta med oss sigeren heim er gode, om vi presterar opp mot vårt beste.
Vi har lagt bak oss ein ny god treningsveke, vi har mange spelarar i god form og klarar vi som lag å få ut det beste i kvart enkelt individ – saman, så er trua sterk på at dette kan gå vår veg !

Det er slike fotballkampar alle som elskar fotball må like, fotballkampar som betyr noko, fotballkampar der ein kan gjere ein skilnad, fotballkampar der ein kan stå igjen med ein triumf og verdas beste følelse saman med lagvenniner og støtteapparat.

Vi håpar, tru og drøymer om at det skal bli blå jubel lørdag ettermiddag 😊

For alle dykk som set heime, så kan de sjå kampen LIVE på smp.no.
I tillegg vil vi oppdaterer høgdepunkt på vår facebookside.

Sportsleg helsing
FK Fortuna Ålesund