Søndag kl.16.00. på Fagerli KG i Larvik spelar vi vår andre og siste kamp
i kvalifiseringsspelet for opprykk til 1.divisjon.
Med siger er Fortuna klare for 1.divisjon 2018 !

 

Foto: Marius Simensen, SMP.

 

Om kvalifiseringa :
– Dei 6 vinnarane frå 2.divisjonsspelet er delt i to grupper a 3 lag.
– Dei tre laga spelar ein enkel serie( 3 kampar) der vinnaren rykker opp.
– Det betyr at 6 lag kjempar om 2 plassar i 1.divisjon 2018.
– Fortuna vann kamp 1 heile 5-0 heime mot Innstrandens.
– Det betyr at vinn Fortuna mot søndag er Fortuna vinnar og rykker opp
utan at kamp 3 blir spelt. Blir det siger til Nanset eller uavgjort, så spelar
Innstrandens heimekamp mot Nanset neste helg i kamp 3.

Rammene
Vi håpar sjølvsagt at alle med Fortunahjerte på Østlandet tek turen til Larvik
for å gje oss støtte frå tribuneplass.
Sjekk gjerne arrangementet til Nanset på facebook og meld deg på der :
https://www.facebook.com/events/1582740761808199/

Yr.no melder om 10 grader og sol under kampen ?

For alle dykk som ikkje er tilstades i Larvik, så kan de no sjå kampen med
kommentator på www.smp.no .

http://www.smp.no/100Sport/2017/11/03/Se-Fortunas-skjebnekamp-direkte-15549431.ece?cx_front_click=baseline_test&cx_front_click_place=10&cx_front_click_articles=6

Status spelartroppen :
Dessverre er vår stoppar Oda Tennfjord ute pga. sjukdom i helga.
Det er sjølvsagt kjedeleg både for Oda og oss, samstundes har vi gode erstattarar, så dette skal vi nok løyse.
Vi reiser då med ein tropp på 18 spelarar til Larvik.
I kvalifiseringsspelet er det kun mogleg å gjere 3 bytter i løpet av kampen.
Dette er litt uvandt i forhold til seriespelet i år, der vi kunne nytte 7 innbyttarar og i tillegg bytte inn og ut.
Det ligg nok ann til at vi stiller ganske likt frå start som i forrige kamp, utan dei store
endringane i start 11àren.

Kommentar :
Som eg skreiv før kampen forrige helg, det er no sesongen skal definerast og i morgon har vi sjansen til å avgjere den !
Vi har no sjølve etter 10 månadar med hardt arbeid muligheten til å avgjere dette i vår favør. Med siger i morgon er det ikkje lengre nokon tvil, då er vi tilbake i 1.divisjon.
Vi har skaffa oss den infoen vi treng om motstandaren, Nanset, og vi har gjort dei førebuingane vi skal. Forrige helg traff vi ikkje heilt med energi og spenningsnivået, slik at vi var veldig prega i førsteomgangen. Vi håpar å “treffe” betre her i morgon.

Det handlar mykje om å vere offensive i tankegangen, tørre å la lysta til å vinne bli større enn frykta for å tape og verkeleg elske å stå i denne situasjonen i morgon.
Å vinne slike kampar, der ting skal avgjerast og ein kan skape historiske fotballminner er det beste og kjekkaste ein kan oppleve som fotballspelar og trenar.

Vi håpar på å skape magiske jubelscener for damefotballen på Sunnmøre i morgon, for alle våre supporterar og ikkje minst for oss sjølve !

Måtte det beste bortelaget vinne ! ?

Magne

Kategorier: Nyheter