Fredag kl.19.05 i Telenor Arena vil underteikna påstå at vi spelar klubben sin
største enkeltkamp i historia !
Vi snakkar om FINALE i det særs prestisjetunge J19 NM.
Ikkje nok med det, men kampen går også DIREKTE på NRK 2 frå kl.19.00.

Dette er Arna Bjørnar :
Klubben høyrer til i Indre Arna like i utkanten av Bergen by.
Klubben har prega norsk toppfotball dei siste åra, og har vore den største
leverandøren av landslagsspelarar til aldersbestemte landslag i mange år no.
I årets sesong vart Arna Bjørnar nr. 6 i Toppserien.
5 spelarar i morgondagens finale er i Toppserielaget sin tropp.
Dei andre spelarane spelar til dagleg på AB sitt lag i 2.divisjon, som
vart nr. 6 der i år.
Dei siste åra har Fortuna levert 2 spelarar til AB.
Midt i 2014 sesongen gjekk Sigrid Heien Hansen til AB, og var med
å vinne bronse i toppserien den sesongen. Sigrid er no i Kolbotn.
Året etter gjekk Emilie Nautnes same vegen på same tidspunkt.
Emilie har spelt fast i årets sesong og ho møter vi i finalen.

Rammene
Vi håpar sjølvsagt at alle med Fortunahjerte på Østlandet tek turen til Telenor Arena
for å gje oss støtte frå tribuneplass. Vi håpar å lage ein “blå vegg” midt i TV-ruta på
NRK-sendinga.
Sjekk gjerne arrangementet vårt påfacebook og meld deg på der :
https://www.facebook.com/events/722065721319715/

Det blir sal av Fortunaeffektar ved inngangen. Les meir om dette her :
https://www.aafkfortuna.no/supporterutstyr-cupfinale/

Kampen går også DIREKTE på NRK2 kl.19.00. med Olav Traaen og Karl Petter Løken
i kommentatorboksen.

Status spelartroppen :
Etter litt sjukdom i det siste, så har samtlege 15 disponible spelarar meldt seg til tjeneste !
Vi gjennomførte ei lett økt i hallen i kveld, og har ein klar og tydeleg plan på korleis vi ynskjer
å gjennomføre kampen.

Desse utgjer troppen : Marthe Bjørhovde, Lisa Raknes, Stine Muri, Cecilie Otterlei, Helena Vattøy,
Kristine Gulbrandsen, Nora M. Ferstad, Stine Reite, Eva Hormazabal, Kari Skovly, Anna Fjørtoft, Malin Sunde,
Ida Kroken, Ingrid Vatne og Vivian Saadi.
– Birgitte Bjørlykhaug er også premieberettiga etter å ha spelt fleire kampar tidlegare, og blir med oss nedover
sjølv om ho no spelar for Herd. Ho kan sjølvsagt ikkje spele kampen.
I tillegg er også dei “for gamle” spelarane våre med nedover til Oslo for å vere ein del av laget.

Kommentar :
Dette er noko vi gledar oss verkeleg til ! Etter nedturen i siste kvalikk-kampen, så er dette kampen der vi skal
slå tilbake, nyte opplevelsen og vise kva som bur i denne fantastiske spelargruppa !
AB er gode, AB er favorittar, men eg er 110 % sikker på at kjem vi oss opp mot vårt beste nivå, ja,
så skal dette bli ein jamn, god og spennande fotballkamp.

Der AB kanskje har fleire og større “stjerner” enn oss, så er det LAGET Fortuna som skal vinne kampen
for vår del !
Vi har eit jamt og godt besatt lag, samstundes som vi har nok X-faktor til å kunne avgjere kampen.

Samstundes som dette er ein unik mulighet til å bli Cupmeisterar, så er det også ein unik mulighet
for våre spelarar til å få matche seg mot dei beste spelarane i landet på dette nivået.
Det er også ein fantastisk mulighet for oss som klubb til å få vist oss fram for heile fotballnorge på
direktesendt TV.

La oss saman, både på og utanfor bana, skape ein historisk fotballkamp !

Måtte det beste blå laget vinne ?

Magne