FORT Aksla!

EMAIL
Facebook
Facebook
INSTAGRAM

FK Fortuna Ålesund – Tynset

13.serierunde 2.divisjon.

Forrige helg var Tynset betre, og burde ha vunne mot Molde på heimebane(3-3).
Dette medan vi ikkje fekk kamp, men fekk «gratispoeng» etter at Trondheims Ørn
ikkje møtte til kamp. Vårt einaste tap i år kom i bortekampen mot Tynset, det gjorde
nok at vi var litt ekstra spente i dag.

Tribune : Ca. 60 tilskodarar.
Dommar: Ane Serine Dimmen(Volda TIF).
Gule kort : Ingen.
Slik starta vi : 4-2-3-1.
Lisa Raknes
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Ida Kroken
Camilla Smith-Nilsen, Katarina Sunde, Ingrid Vatne
Malin Sunde

Innbytte :
– 63min. Oda, Ingrid V og Camilla ut. Vivian Saadi, Helena Vattøy og Kari Skovly inn.
– 70min. Stine og Katarina ut. Kristine Gulbrandsen og Nora M. Ferstad inn.

Slik kom måla :
– 1-0 2min. Ingrid V innvolverar seg rundt midtstreken, set opp Ingrid A på utsida av seg på veg
framover. Ho spelar gjennom Malin og fortsette løpet sitt, Malin ser dette og slepp ballen vidare igjen til Ingrid A
som skjer inn og set ballen i mål ved nærmaste stolpe.
– 2-0 10min. Mette gjenvinne ballen høgt oppe i bana ute på sida, ho spelar til Camilla, som svingar eit kjapt innlegg inn framfor mål langs bakken og frå 8 meter kan Malin kontrolert setje ballen i mål i lengste hjørne.
– 3-0 29min. Vi vinne ballen nede på vår venstre side omtrent på midtstreken. Ida får ballen og vendar direkte mot Camilla motsatt.
Camilla fossar framover og slår eit godt innlegg i boks, der vi har mange gode bevegelsar, og til slutt er det Katarina som frå 5-6 meter på bakre stolpe er fri og set ballen sikkert i mål.
– 4-0 41min. Etter å først ha kontra, så får vi etablert oss oppe rundt Tynset sin 16 meter. Etter litt fram og tilbake, so får Ida ballen på ca. 20 meter, ho spelar vegg med Malin og kjem seg fri litt skrått i 16 meteren og skyt i mål i lengste hjørne frå 11-12 meter.
– 5-0 51min. Fri frispelar oss flott bakfrå, der Cecilie tek rom og vendar spelet frå høgre heilt over til Ingrid V på vår venstrekant.
Ingrid V tek med seg ballen litt inn i bana, skapar rom for Ingrid A som kjem susande på på utsida. Ho går til dørlinja og slår eit godt innlegg, som Katarina møter på 5-6 meter og set i mål.

Kampen :
Vi går rett i strupen på Tynset i dag og leiar 2-0 før det er spelt 10 minutt. Det er ein strålande start !
Resten av omgangen styrar vi og kontrollerar totalt, der bortelaget nesten ikkje er nær 16 meteren vår.
Vi puttar på to nye mål før pause og tek med oss ei 4-0 leiing inn i garderoba.
Sjølv om vi leiar solid etter førsteomgangen, så er vi vel ikkje meir enn middels fornøgd. Vi slurvar litt for mykje på
involveringane våre med ball, og er tidvis litt for utålmodige i angrepsspelet vårt.
Dette vil vi prøve å rette på i andreomgangen. Det klarar vi så absolutt det første kvarteret.
Då er vi meir nøyaktige med ball og rytmen i angrepsspelet er mykje tydlegare og betre.
Vi får også ei strålande skåring i denne perioden, på eit angrep teke rett ut vår vår «lærebok» i forhold til korleis vi ynskjer å angripe.

Den siste halve timen går vi frå å ha vore effektiv, til å begynne å brenne store målsjansar. Vi har ein 3-4 enorme sjansar, som vi bør putte i mål. Samstundes blir vi nok litt for komfortable igjen, og slurvar litt med presisjonen.
Defensivt i dag, so har vi stort sett 100 % kontroll. Vi har ein god balanse i laget og er bra i omstillingsfasen, noko som gjere at bortelaget ikkje får muligheten til å ta oss i ubalanse og kontre på oss. Tynset får ingen cornerar i kampen og skapar vel slik eg ser det ikkje ein einaste skikkeleg målsjanse i dag. Ein meget solid 5-0 siger i dag !

Litt fakta :
– Ingrid Alnes spelte i dag sin seriekamp nr. 66 for Fortuna og skåra sitt første seriemål( ho har 1 cupmål frå før).
– Ida Kroken skåra også sitt første seriemål i dag, i sin 15. seriekamp for klubben.
– Vi har skapt eit FORT på heimebane og på Aksla i år : Vi har 7 strake sigrar på heimebane i serien i år med målskilnad 33-4 !
På dei 3 siste heimekampane er målskilnaden 18-0(!).
Samstundes banka vi Molde 3-1 på heimebane i J19 NM. Vårt einaste tap, som forventa, er 0-7 mot Lillestrøm i cupen.
– Molde vann som forventa 1-6 borte mot botnlaget Nidelv i dag. 5 serierundar før slutt leiar Molde med 5 poeng.

Litt om spelarar :
– Birgitte Bjørlykhaug har gått tilbake til Herd for resten av sesongen og skåra i sin debut der forrige helg.
– Marthe Bjørhovde og Anna Fjørtoft stod over i dag pga. sjukdom.
– Eva Hormazabal(sjuk i dag) er tilbake i trening for oss, og fekk 15 minutt i NM 19 mot Kaupanger.

Neste helg skal vi spele 2 kampar. Vi reiser til Trondheim torsdag kveld og møter Byåsen 2 fredag.
På søndag 10.september er det klart for kvartfinalen i NM J19 på heimebane mot Tiller kl.13.00.

Det blir ein spennande høst ! 🙂

Magne

Hjelp oss å spre budskapen! Lik oss! Del oss!