FK Fortuna Ålesund – Orkanger

7.serierunde 2.divisjon.
Sjølv om Fortuna var klart beste i heile kampen, so vart det ein tøff kamp i den steikande varmen i sola på Aksla i dag.
Tribune : Ca. 100 tilskodarar.
Dommar : Jan Helge Lund, Godøy IL.
Gule kort : 1 til Orkanger.
Slik starta vi : 4-2-3-1.
Marthe Bjørhovde
Stine Muri, Cecilie Otterlei, Oda Tennfjord, Ingrid Alnes
Mette Muri(K), Stine Reite
Kari Skovly, Vivain Saadi, Ida Kroken
Malin Sunde

Innbytter :
– 65min. Ida ut og Anna Fjørtoft inn.
– 72min. Oda ut og Helena Vattøy inn.
– 72min. Kari ut og Birgitte Bjørlykhaug inn.
Slik kom mål :
– 0-1 36min. Stine M spelar eit litt vanskeleg tilbakespel til Marthe, ho ser ikkje at ho har dårleg tid, og visp so ligg vi under.
– 1-1 40min. Nydeleg corner frå Vivian som Malin heddar kontant i mål frå 7-8 meter.

– 2-1 49min.   Vi spelar eit etablert angrep der Reite trer opp Vivian i mellomrommet, ho slår tunell på motspelaren og skyt ballen i mål i hjørnet frå 17-18 meter. Vakkert !

– 3-1 63min. Vi vendar ballen inn sentralt frå vår høgre side, der Mette spelar til midtbanekollega Reite. Ho tek rommet med ein strålande 1. touch, og frå ca. 20 meter og med venstrefoten so dunkar ho ballen i mål stolpe inn.

– 3-2 86min. Vi missar ballen for lett rett over midtstreken på vegen framover. Vi har for dårleg balanse og blir kontra ut til redusering.

– 4-2 90(+3). Frispark frå ca. 35 meter. Vi forventar eit innlegg i boks, Vivian er ikkje gira på det. Ho tek fart, strekke rista og dunkar ballen i mål heilt oppe i hjørnet.

 


Kampen :
Som forventa so vart dette ein fotballkamp som vi styrer frå start til mål, spelemessig. Skal ein styre ein fotballkamp, so er ein avhengig av presisjon, gode valg med ballen og ikkje minst ein god balanse i laget. Dette klarar vi berre periodevis i dag. Det er veldig mange gode kombinasjonar og flotte angrep, med der er også mange upresise involveringar og valg som ikkje er etter slik vi skal opptre.

Orkanger er gode framover, med fleire hurtige spelarar. Det betyr at kontring i mot, blir trøbbel ved eit par høver. To gangar før pause må Marthe gjere strålande redningar etter kontringar i mot.

Vi sjølve skapar fleire enorme sjansar, både i spel og etter dødballar, men klarar ikkje å setje ballen i mål. Då skjer det som ofte skjer, vi kjem under 0-1 etter 36 spelte minutt. Det har vi no då gjort i 5 av dei 7 serierundane til no. Ikkje nokon god “eigenskap”, men en veldig god ting å kunne snu det til vår fordel til slutt.

Heldigvis so skal vi lykkast kun få minutt seinare, på ein av Vivian sine strålande dødballar, so er Malin på plass. 1-1 til pause er flatterande ut i frå spel og sjansar, men like fullt ei faktum. Stemninga i pausa er vel blanda. Eg synst ikkje vi er kollektive og tydlege nok i forhold til slik vi skal opptre, samstundes som der er veldig mykje bra å bygge vidare på. Vi løftar blikket og ser fram mot ein ny omgang, og vi trur at vi skal stå distansen betre enn motstandaren.

Andreomgangen er ikkje veldig ulike den først, skilnaden er at vi skårar tidlegare og har eigentleg full kontroll på kampen etter 3-1 skåringa etter ca. timen. Vi har mulighetar og bør med større presisjon, betre kvalitet på bevegelsar i boks og ikkje minst med betre avslutningar kunne punktere kampen ved fleire høver. Det gjer vi ikkje, og då vi igjen blir kontra på etter eit brudd på veg framover, so er det plutseleg litt liv igjen i kampen med Orkanger si 3-2 redusering 4 minutt før slutt. Vi har likevel kontroll etter dette, og på overtid tek like godt Vivian saka i eigne hender og fastsett resultatet til ein særs fortjent 4-2 siger.

Mykje bra, mykje å rette på, mykje å bygge på, mykje å lære av, men det viktigaste er siger og 3 poeng ! ?

Mange var bra i dag, eg vel å gje ei ekstra stjerne i boka til :
Ingrid A som var drivande offensivt. Vivian som var involvert i 3 av 4 skåringar.
Stine Reite som var drivande og duellsterk på midtbana, og som etter å ha blitt “mobba” av underteikna på treninga i går for sin mangel på mål, slo tilbake i dag med eit flott langskudd.

  • Vivian Saadi er vår toppskårar etter 7 spelte serierundar med sine 6 skåringar. Ho har også 3 assist.
  • Kommande fredag 16.juni kl.19.00. på Aker stadion er det klart for toppoppgjer, då vi møter Molde. Vi gledar oss stort og håpar mange tek turen til Molde for å sjå denne særs spenannde og viktige kampen !
Sportsleg helsing:
Magne Elde